Eit tema eg veit det er veldig mange meiningar om ute i ambulanse Norge.
Bakgrunnen til spørsmålet mitt er denne tragiske saka som har vore ein del i media i det siste. Are Stedt mista dessverre livet i eit basketak med politiet og ein ambulansearbeidar.
Ambulansearbeidaren følte i dette tilfelle at politiet hadde bruk for hjelp til å takle Are Stedt, noko som kanskje stemme ut i frå det eg har lese. Ambulansearbeidaren la armen sin rundt halsen på Are, og haldt i 58 sekundar, noko som kan vere kort tid i ein hektisk situasjon, men lang tid å vere utan oksygentilførsel til hjernen. Riksadvokaten har slått fast at det er ingen straffbart i denne situasjonen.
Ambulansearbeidarar har i si utdanning og vanlegvis ein refleks som seie at kjem ein ut for voldelege personar skal ein trekke seg tilbake og avvente til politiet kjem og får kontroll over situasjonen. Noko som i veldig mange situasjonar er korrekt. Problemet er i dei situasjonane ein ikkje kan trekke seg tilbake. Som dømes ein psykisk sjuk pasient som uventa blir voldeleg under transport, ein situasjon der ein pasient er i ferd med å skade seg sjølv eller andre, eller andre liknande situasjonar. Slike situasjonar oppstår og vil oppstå oftare no når politiet skal brukast mindre ved frakt av psykisk sjuke. I desse situasjonane har ein sjølvsagt naudretten, men dessverre kan det gå gale.
Sidan eg tidlegare har jobba med ein voldeleg psykisk utviklingshemma har eg fått litt opplæring å få kontroll over ein pasient som er voldeleg, men slik opplæring er rett og slett ikkje vanleg, og stort sett meina leiinga i helseføretaka at det ikkje er nødvendig med slik opplæring. Personleg meina eg at slik opplæring og trening på et er nødvendig. Eg vil og påstå at i saka med Are ville han truleg redda livet viss ambulansearbeidaren hadde hatt slik opplæring.
Det eg no lure på er kva medlemane av Milforum tenke.

Kommentér