milforum.net - fra  sikkerhetspolitikk til stridsteknikk
Milforum - Fra sikkerhetspolitikk til stridsteknikk
Liker Liker:  0
Viser resultatene 1 til 6 av 6

Tråd: KJK til Afghanistan. KJKs første aktive deployering.

  1. #1
    Gjest

    KJK til Afghanistan. KJKs første aktive deployering.

    Alt rappet herfra: http://www.mil.no/sjo/start/article.jht ... eID=103884

    Vidar Hope, 2005-07-20



    Jegerane går utanriks
    HAAKONSVERN: Marinejegerane og kystjegerane vert Sjøforsvaret sitt bidrag i Nato-oppdrag til hausten, medan marinefartøya blir att på beredskap heime i Norge.



    DEBUTERAR: Kystjegerkommandoen skal vera med i sin første internasjonale operasjon til hausten. (Arkiv: Klaus Johansen, KJK)



    Av Vidar Hope

    Sjøforsvaret sine jegerar skal saman med spesialstyrkar frå Hæren vera med å skapa tryggleik i Afghanistan som ein forutsetnad for at den Nato-leia operasjonen Isaf skal kunne helde fram si utviding.
    - Marinejegerkommandoen og eitt lag frå Kystjegerkommandoen (KJK) skal deployerast hausten og vinteren 2005, stadfestar avtroppande sjef for Kysteskadren, Trond Grytting. Dette blir dermed KJK sin første operative deployering nokon gong.

    Vert operative i august
    - Kystjegerane skal støtte Hæren sin artilleribataljon med seks menn i ein periode på tre månader. KJK skal rullera med nye bidrag i ein periode på to til tre år, opplyser sjefen for Kyststridsflotiljen, kommandørkaptein Tom Thormodsen. I august vil generalinspektør Jan Eirik Finseth erklæra kommandoen for operativ.

    Gjennom våren har Norge delteke med fleire maritime einingar i Nato-oppdrag. Fregatten KNM Trondheim og undervassbåten KNM Utstein har operert i Middelhavet, medan minesveipfartøyet KNM Alta og minekommandofartøyet KNM Vidar har patruljert i Nato sin ståande mineryddarstyrke i Nord-Europa. Totalt utgjer dette ein mannskap på 246 personar med norsk flagg på brystet. Den store deltakinga i vår gjer at Sjøforsvaret vel å ta ein Nato-pause på fartøysida det komande halvåret. Økonomi er eitt av stikkorda.

    MTB-ar på beredskap
    - Normalt sett ville vi deployert med eit mineryddingsfartøy, men ressursspørsmål som tilgjengelege fartøy, besetningar og økonomi gjer at vi tek denne pausen, seier Grytting.
    Sjølv om fartøya blir heime i eige farvatn er det fleire einingar som er meld inn i Nato sitt styrkeregister. Ein av dei er 21. MTB-skvadron med sine fire fartøy og logistikkstøtte som står på beredskapsplanen frå 1. september til 31. januar. Deltakinga der er førebels sett på hald og til hausten skal skvadronen liggje i Norge på beredskap.
    - Dersom operasjonen vert sett i verk vil dei deployera til Spania som tilfellet var i 2003, fortel kontreadmiral Arild Sandbekk, kommandør for sjøstridskreftene.



    COMEBACK? 21. MTB-skvadron står i beredskap for operasjon Active Endeavour som dei gjorde i 2003. (Arkivfoto: Stian Solum, Forsvarets mediesenter)


    I 2003 deltok Sjøforsvaret i eskorte- og patruljeringsoppdrag i Gibraltarstredet med den same skvadronen. I følgje MTB-kommandoen skal dei vera budd på å segle ut på kort varsel.
    - Vi er spent klar og held for tida eit høgt operativt nivå. Skvadronen er klarert og vi har planar som kan settast i verk ved behov, lovar kommandørkaptein Helge M. Tonning som er sjef for MTB-kommandoen.

    Er stolt over utbytet
    Minekrigsvåpenet er den avdelinga som har hatt mest aktivitet det siste året med to fartøy internasjonalt kontinuerleg. 12. mai var den norske styrkesjefen Per Kartvedt i Den Helder i Nederland for å hale kommando for Nato sin ståande mineryddarstyrke, SNMCMG 1.
    - Når eg ser tilbake er eg stolt over det vi har klart å oppnå i styrken i løpet av den tida Norge hadde kommando. Det har vore eit travelt år der styrken har øva og trena intensivt og der hovudutfordringa har vore å få maks ut av maritime minekrigsoperasjonar, fortel han.

    Grytting tykkjer at Sjøforsvaret har tilført Nato unike kapasitetar gjennom våren og meiner at mannskapa bør vera stolte av eigen innsats.
    - Bidraga vi har hatt i Nato-oppdrag og i operasjon Active Endeavour er bra. Einingane har løyst oppdraga på ein framragande måte og tilført alliansen noko unikt i høve konseptutvikling, taktikk og yting. Og vi ser igjen at einingane bringer heim verdifull kompetanse, fortel den påtroppande kontreadmiralen og sjefen for Landsdelskommando Nord-Norge.

    Grytting held fram med at Norge har dei klart beste minesveiparane i alliansen.
    - Dette har vi demonstrert under trening og testar og nok ein gong stadfestar minevåpenet sin standard då vi deltok i operasjonar i Baltikum med tre minejaktfartøy i mai. Der fekk vi demonstrert kompetanse og utstyr på høgt nivå, seier han.

    I følgje Grytting skal den økonomiske gevinsten med å halde tilbake ein mineryddar vera av mindre karakter. Han understrekar likevel at heile flåten må gjennom ein rolegare periode dette året.
    - Heile programmet for 2005 har vore sett under ekstrem vurdering i høve til kostnadar og økonomi. Hausten 2005 vil ha lågare aktivitet enn våren. Dette er nøysamt planlagt i forhold til eit stramt budsjett som er mindre enn det som blei anbefalt frå mi side. Men vi må forhalde oss til dei budsjettrammene som har blitt gitt, seier han.

    Mogleg øving i Afrika
    Han legg også til at nokre av einingane mot slutten av året vil oppleve at dei ikkje har segla spesielt mykje dette året.
    - Somme har kanskje fått inntrykk av at aktiviteten er høg, men dette biletet er nyansert. Vi køyrer eit knallhardt budsjett og vi opererar flåten slik som vi meiner er best sett i forhold til føringar og midlar, understrekar han.

    Sjøforsvaret plar normalt deployere éin undervassbåt og éin fregatt årleg i internasjonale operasjonar. No er begge desse unnagjort for dette året. Grytting minnar likevel om at Sjøforsvaret vil delta som vanleg på øving med allierte.
    - Kystjegerkommandoen er blitt invitert til å øve saman med britiske og nederlandske styrkar i Senegal til hausten. I tillegg skal vi vera med på fleire andre øvingar gjennom hausten, seier han.

    MELD INN TIL NATO HAUSTEN 2005 Nato Response Force 5
    - Eitt mineryddarfartøy
    - Eitt minedykkarteam på ti personar
    - Éin undervassbåt
    - NCAGS (tilrettelegging for sivil skipsfart)

    Operasjon Active Endeavour
    - Ein MTB-skvadron på fire fartøy, samt logistikkstøtte

    Operasjonar i Afghanistan
    - Kystjegerkommandoen og Marinejegerkommandoen

    DELTOK VÅREN 2005 Nato Response Force 4
    - Minesveipfartøyet KNM Alta
    - Kommandofartøyet KNM Vidar

    Standing Nato Reponse Force Maritime Group 1
    - Fregatten KNM Trondheim

    Operasjon Active Endeavour
    - Undervassbåten KNM Utstein
    - Fregatten KNM Trondheim

  2. #2
    Gjest
    Sitat Opprinnelig skrevet av Dommern
    Kystjegerane skal støtte Hæren sin artilleribataljon med seks menn i ein periode på tre månader.
    Slik eg les artikkelen, og det eg elles kan finna på Forsvarsnett, er marinejegarane ein del av Operation Enduring Freedom under amerikansk kommando, medan kystjegarane er ein del av PRT/ISAF og står under NATO-kommando. Les eg dette rett?

    Spm to, kvifor sender dei KJ, når Hæren vitterleg burde ha nok jegarar til å støtta seg sjølv? Er det for å få "testa ut" Kystjegarane?

  3. #3
    Gjest
    Selv om hæren har mange jegere så er det ikke alle disse som har de kapasiteter som det er etterspørsel etter. I PRT er det behov for kapasiteter der hærmiljøet som kan levere disse er såpass lite at de nå begynner å havne litt på hæla ettersom de skal levere både til ISAF og PRT.

  4. #4
    Gjest
    Dette blir jo bare spekulasjoner fra min side ihvertfall, men jeg vil tro at forsvaret er interesserte i å "teste ut" nye avdelinger på utenlandsoppdrag. Spesielt med tanke på at slik erfaring kommer godt til nytte i videre oppbygning og gir dem mange gode erfaringer de kan ta med seg i videre utvikling av avdelingen.

    Dette er jo en oppgave som FAC delen av TmBn nok også fint kunne tatt seg av, uten at jeg vet hvorfor de ikke er brukt. Uansett så er det nok gode grunner som ligger til grunn for avgjørelsen med å sende en gjeng fra KJK nedover.

  5. #5
    Gjest
    Skjønner godt at KJK skal til ISAF med FAC. Det er viktig både for kompetansen, miljøet og rekrutteringen til KJK at de får utfordringer så snart de er operative. "Joint" er framtiden både mht å løse oppdragene best mulig og mht å bruke ressursene mest mulig effektivt. At avdelinger fra hæren og marinen sammarbeider tett i utlandet er helt sikkert rimelig problemløst og avspeiler nok de faktiske forholdene her hjemme på berget

    Det er ikke mange hodene i Norge som er på G når det gjelder FAC. Det er viktig at belastningen fordeles når oppdragene blir mange. Skal kompetansen vedlikeholdes og utvikles må det være en veksling mellom treningsperioder og oppdragsperioder. Det er en del ferdigheter som verken brukes eller kan øves på i Afganistan

    Jeg er ikke så inne i detaljene her, men FACen til TMBN har vel vært på beredskap sammen med resten av bataljonen siden januar og skal sikkert ha en lengre treningsperiode fra omtrent nå og utover høsten

    edit: foreslår at denne tråden flyttes til "annen tjeneste"

  6. #6
    Gjest
    Dersom man ser bort fra tmbn og hjk, har hæren ett svært lite, men godt fac-miljø i artilleribataljonen. Regner med det er for å avlaste disse at man henter inn støtte fra kjk. Det er i all hovedsak artilleribataljonen som har produsert styrkebidraget til fac-laget/prt foreløpig, og når man i utgangspunktet har samme kapasitet i kjk er det lett å skjønne at disse får prøve seg litt i det store utland.

    Prt ligger under Isaf og har i utgangspunktet ingenting med oef og gjøre.



Lignende tråder

  1. ØK: Aktive hørselvern.
    By Fubar80 in forum Kjøp og salg
    Svar: 8
    Nyeste innlegg: DTG 121704A May 14,
  2. Aktive hørselværn
    By McNabUx in forum 02 Felttriks
    Svar: 11
    Nyeste innlegg: DTG 311105A Aug 10,
  3. Deployering til naturkatastrofer.
    By Trident in forum Forsvarets sanitet (FSAN)
    Svar: 6
    Nyeste innlegg: DTG 131655A May 10,
  4. Ny deployering for spesialstyrkene
    By Lio in forum Forsvarets spesialstyrker (FS)
    Svar: 29
    Nyeste innlegg: DTG 140156A Feb 08,
  5. KJK til Afghanistan. KJKs første aktive deployering.
    By Dommern in forum Forsvarets spesialstyrker (FS)
    Svar: 5
    Nyeste innlegg: DTG 271909A Jul 05,

User Tag List

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere innleggene dine
  •