milforum.net - fra  sikkerhetspolitikk til stridsteknikk
Milforum - Fra sikkerhetspolitikk til stridsteknikk

milrab.no - gears you there
Viser resultatene 1 til 8 av 8
  1. #1
    OR-6 Skvadronsmester
    Ble medlem
    2005
    Bosted
    Førde
    Innlegg
    2.546
    Nevnt
    89 innlegg
    Sitert
    314 innlegg

    Luftambulansestyrt i Førdefjorden 14 oktober 1996.

    Søndag 13 oktober 1996, eg ser på søndagsfilmen på fjernsynet. Det er filmen Alive som handlar om eit flystyrt i Andesfjella som står på. Ser filmen ferdig og det er passert midnatt og eg gjere meg klar for å gå å legge meg. Plutseleg høyre eg ein lyd frå callingen eg aldri før har høyrt. På den tida hadde leiinga i hjelpekorpset i Førde ambulansecallingar i eiga gruppe, og eg var operativ leiar i Førde Røde Kors Hjelpekorps.
    Og callingen den fortsette å hyle, sto med den i handa og sa til meg sjølv, begynn å snakk så eg veit kva som skjer. Så kom meldinga, «mulig luftambulansestyrt i Førdefjorden ved Vevring, alle tilgjenglege enheiter rykk ut». Tenkte «svarte fan» så ringte telefonen, ein av dei andre leiarane spurte om han skulle slå full alarm i hjelpekorpset. Gav orde om at det skulle han og oppmøte på depot så snart som mulig.
    Vi møttes på depot og lasta inn redningsvestar inn i redningsbilen, heiv og sekken min og ein gensar og hue inn i bilen. Når det var gjort hadde vi fylt opp redingsbilen med folk pluss eit par sivile bilar. Vi hang ein lappe på døra for å forklare kvar dei som kom etter skulle køyre. Og vi satte kurs mot Vevring. Dette er ein veg med lite passering. Ambulansen som var på same oppdraget som luftambulansen hadde henta den orginale pasienten og køyrde mot Førde. Han som køyrde sa han har aldri køyrt så roleg med ein så dårleg pasient inn til sjukehus før. Han viste at i mot han kom det til å komme mange bilar både unifomerte og sivile som kom til å køyre det som var overhode mulig å få til, så han måtte ta det med ro.
    Ca 45 minutt etter alarmen trilla redningsbilen inn på kaia på Vevring, ved normal køyring brukar ein ca 45 minutt Førde Vevring, og vi hadde rukke å samle oss, laste bilen og køyrt. Rett før oss kom politiet, innsatsleiar i politet snudde seg mot sin kollega og sa «her treng vi hjelpekorpset», når han var ferdig med setninga var hjelpekorpset på plass. Det kom og nokre reserveambulansar til staden. Vi alle gjekk rett ned til småbåthamna som var der og tok det vi kom over av robåtar med påhengs. Dei som var låst klipte vi låsen på, og vi kom oss ut på sjøen. Eine båten fekk om bord ei ambulansebåre, kva vi skulle med den er det ingen som forstår. Når vi kom oss utpå så låg det eit tjukt lag med parafindamp over sjøen og vi såg helikopter deler flaut. Vi såg og linja som var kutta av helikopteret. Men menneskehjernen er rar, for plutseleg var det ein som sa «har nokon vore i kontakt med AMK så vi veit at det var ein styrt».

    Etter ei stund i søk begynte eg å tenke. Dette vil bli langvaring, vi er i ein nabokommune med eige hjelpekorps og rett bort i her går kommunegrensa til ein annan kommune så og har eit hjelpekorps. Vi må organisere oss. Kom inn til land, og skulle leite fram permen med telefonnr. Og den var ikkje der den skulle vere. Men fekk varsla leiaren i Sogn og Fjordane hjelpekorpsa og han varsla dei andre hjelpekorpsa som kom så fort som mogleg. Når leiarane frå det lokale hjelpekorpset kom så tilbudde eg dei å ta over leiinga, men dei takka nei. Så vi fortsatte med den leiinga vi hadde. På kaia der var det ein lokal butikk, den vart no opna og brukt som KO. I eit hus rett over for kaia budde det eit eldre ektepar, dei kom og tilbudde huset sitt som kvilerom for mannskapa. No begynte det å straume på med folk. Brannvesen frå 3 kommunar, hjelpekorps frå 3 kommunar, sivilforsvar og heimevern. Politi sjølvsagt og redningshelikopter og helikopter frå Airlift (som og var operatør på luftambulansen). Sånn ca kl 0600 kom innsatsleiar bort til meg, mat sa han.Vi må få organisert noko mat til mannskapet. Eg ringte til min kontakt i Barnehjelpa og ho sa ho skulle fikse. Politiet ringte til eit bakeri som sa det var berre å komme og hente. Frå ca kl 0800 om morgonen til langt på kveld gjekk det 3-4 personar frå barnehjelpa og besøkstenesta og laga mat, gav folk klemmar og passa på at alle fekk seg ein pause. Kan legge til at folk i frå dei andre hjelpekorpsa sa, slik vil vi og ha det.
    Søket på gjekk og det vart heile tida skifta ut folk, bortsett frå i leiinga, vi fekk ikkje avløysing. Opp i det heile kunne eg ikkje forstå at folk eg aldri før hadde sett viste namnet mitt, til og med journalistar frå langt vekke i frå viste kva eg heitte. Ikkje så rart når eg sto der eg sto, men for meg var det rart den dagen.

    Eg fekk meg ein liten pause, det var eit helikopter som skulle ta eit søk eit stykke ut fjorden og det trengte 2 mann. Eg og ein politimann tok jobben, det var godt å tømme hovudet litt. Under søket måtte helikopteret fylle drivstoff og landa på nærmaste flyplass. Eg og politimannen bestemte oss for å benytte sjansen å gå på do, så vi gjekk inn i terminalen. Den var full av folk, når vi kom gåande i vore uniformer så veik folk unna og berre såg på oss. Det var omtrent som Dødehavet som delte seg i bibelen. Ei veldig rar oppleving.

    Heilt på slutten av dagen vart det bestemt at vi skulle ta eit lite søk frå båt langs eit område vi ikkje hadde vore før, dette var for å vere heilt sikker. Eg gjekk å varsla ein båteigar, om at vi trengte båten hans. Han vart ikkje heilt blid for han hadde nettopp avtalt med TV2 at dei skulle få låne båten for 5000 kroner. Men vi hadde første prioritet og vi betalte ikkje. Vi fekk båten.

    Omsider vart det bestemt at overflatesøk var nyttelaust, og vi gav oss for natta. Eg og korpsleiaren tok same bil tilbake til Førde og bestemt at vi var nøyd til å ha ei defusing same kveld/natt. Og kontakta barnehjelpa igjen for å få litt mat og fekk varsla dei som var reist heim. Og så reiste vi til Rødekorshuset i Førde. Eg og korpsleiar la oss på kvar sin sofa mens vi venta på folket. Når resten av folket kom fekk dei streng beskjed av barnehjelpa og vente til maten var klar og ikkje gå inn til oss før alt var klart, for barnehjelpa meinte (som rett var) at vi trengte å kvile litt. Vi hadde ein ok defusing og dimitterte folket. Når eg kom heim og kunne krype til sengs var det 24 timar sidan sist eg hadde prøvt å legge meg.

    Neste dag var eg ein tur innom jobben for å levere sjukemeldinga eg skulle ha levert dagen før, eg hadde eit forstua handledd. Gjekk inn på pauserommet og der låg Firda (lokalavisa). Der var det reportasje frå dagen før og det var bilde og namn på dei omkomne. Eg fekk sjølvsagt vite namna mens det pågjekk, men der og då var det ikkje det viktige. Når eg las namna og såg bila viste eg at 3 av dei 4 kjende eg. Det endte med at eg satt på pauserommet og tårene trilla fritt.
    Folk i Førde var veldig vant med luftambulanse flaug over bygdebyen rett som det var, men no var det plutseleg stilt. Vil påstå at heile bygdebyen var prega av ulykka.

    Snakka med mor mi og dagen derpå, ho sa at om morgonen når ho høyrde kva som hadde skjedd. Då hadde ho tenkt, «han magskor er han redningsmann? Men sikkert ikkje og han treng ikkje noko bekymra mor som ringer no». Og det hadde ho rett i.
    Ein dag eller to skulle det vere ei minnestund for pårørande på kaia på Vevring. Politiet tok kontakt med lokalmedia og sa, «vegen er ikkje stengt, men politiet vil ha kontroll på begge sider og ser dei nokon frå noko som helst media vil dei bli nekta å passere». Ikkje heilt etter boka, men det var ikkje ein einaste journalist som prøvde seg.

    Kan legge til at alt søk, uansett om det var brann, sivilforsvar, heimevern, hjelpekorps eller andre vart leia og koordinert frå oss leiinga i hjelpekorpset. Vi hadde innsatsleiar politi over oss og resten var underlagt oss.

    Dei omkomne vart funne av KNM Tyr i løpet av veka som gjekk.

    Denne hendinga får fortsatt tårer fram i auga mine, og lukta av parafin får alltid tankane mine til å vandre mot 14 oktober 1996.

  2. #2
    OF-2 Rittmester
    Moderator
    S-1 Milforum

    Ble medlem
    2006
    Innlegg
    22.213
    Nevnt
    586 innlegg
    Sitert
    2554 innlegg

    Sv: Luftambulansestyrt i Førdefjorden 14 oktober 1996.

    Svært interessant, og stor respekt for din og andres innsats. Du har ikke noen bilder eller kart over hendelsen?
    Those who beat their swords into plowshares will plow for those who don't.

  3. #3
    OR-6 Skvadronsmester
    Ble medlem
    2005
    Bosted
    Førde
    Innlegg
    2.546
    Nevnt
    89 innlegg
    Sitert
    314 innlegg

    Sv: Luftambulansestyrt i Førdefjorden 14 oktober 1996.

    Sitat Opprinnelig skrevet av Rittmester Vis post
    Svært interessant, og stor respekt for din og andres innsats. Du har ikke noen bilder eller kart over hendelsen?
    Bilder har eg ikkje, dette var før alle hadde mobil med kamera i lommen. Utan å love noko skal eg prøve å få til eit kart.

  4. #4
    OF-1 Løytnant
    Moderator
    S-4 Milforum

    Ble medlem
    2004
    Bosted
    Bunker på Kvarven
    Innlegg
    9.784
    Nevnt
    168 innlegg
    Sitert
    986 innlegg

    Sv: Luftambulansestyrt i Førdefjorden 14 oktober 1996.

    Odd objects attract fire. You are odd.

  5. Liker LVGRP99 likte dette
  6. #5
    OR-5+ Senior kvartermester
    Ble medlem
    2008
    Innlegg
    2.800
    Nevnt
    23 innlegg
    Sitert
    182 innlegg

    Sv: Luftambulansestyrt i Førdefjorden 14 oktober 1996.

    Husker veldig godt denne hendelsen fra mitt lokalområde. Vi tar nok ofte for mye for gitt den innsatsen våre redningsmannskaper gjør som har sitt virke i vår utfordrende topografi og vær.

    Lokasjon blir omtrent som følger:
    https://www.google.com/maps/place/61...3d61.49!4d5.37


    Er ikke så langt unna det ganske omstridte rutildagbruddet med tilhørende fjorddeponi dette forøvrig.

  7. Liker magskor likte dette
  8. #6
    OR-6 Skvadronsmester
    Ble medlem
    2005
    Bosted
    Førde
    Innlegg
    2.546
    Nevnt
    89 innlegg
    Sitert
    314 innlegg

    Sv: Luftambulansestyrt i Førdefjorden 14 oktober 1996.

    På ein måte var dette ein misslykka aksjon, vi redda ingen liv og vi fant ingen omkomne. Men eg vil påstå at dette døgnet prega dei som var med og folket i Førde og langs fjorden i lang tid. I Førde var ein jo vant med at luftambulansen fauk fram og tilbake døgnet rundt omtrent, men no for ein periode vart det stilt. For det var ingen luftambulanse i Førde i ei vekes tid.

    Vil og nemne at dette var før eg var begynt å jobbe i ambulansetenesta, eg hadde berre hospitert nokre vakter. På den tida var eg elektrikar. Men jobben var vant med at eg hadde oppdrag med hjelpekorpset. Så når eg ringte på jobb om morgonen for å informere om at eg ikkje kom til å dukke opp der den dagen var beskjeden, "det veit vi, vi har høyrt nyheitene". Litt greit med god støtte frå jobb.

  9. Liker LVGRP99, 93A, Hulkinator likte dette
  10. #7
    OR-6 Skvadronsmester
    Ble medlem
    2005
    Bosted
    Førde
    Innlegg
    2.546
    Nevnt
    89 innlegg
    Sitert
    314 innlegg

    Sv: Luftambulansestyrt i Førdefjorden 14 oktober 1996.

    Her er eit kart. Teikna inn kvar styrten skjedde, og litt andre detaljar slik som blant anna straumretning.
    Vedlagte bilder Vedlagte bilder

  11. #8
    OR-5+ Sersjant 1.klasse
    Ble medlem
    2009
    Bosted
    '';
    Innlegg
    2.821
    Nevnt
    84 innlegg
    Sitert
    432 innlegg

    Sv: Luftambulansestyrt i Førdefjorden 14 oktober 1996.

    Sitat Opprinnelig skrevet av magskor Vis post
    Her er eit kart. Teikna inn kvar styrten skjedde, og litt andre detaljar slik som blant anna straumretning.
    Dersom ikkje kvaliteten lurar meg, skal dette bli bedre for blant annet oss med Tapatalk; enn pdf.

    Sent fra min SM-G965F via Tapatalk
    Your signature cannot be longer than 70 characters long.

  12. Liker 93A, aquila, magskor likte dette


Lignende tråder

  1. HMKG oktober 2017
    By Sbredes in forum Førstegangstjeneste og verneplikt
    Svar: 4
    Nyeste innlegg: DTG 032143A Oct 17,
  2. FN dagen 24.oktober
    By isak in forum Forsvarets deltakelse i operasjoner
    Svar: 4
    Nyeste innlegg: DTG 241250A Oct 13,
  3. Oktober søknad
    By Borg in forum Førstegangstjeneste og verneplikt
    Svar: 6
    Nyeste innlegg: DTG 302103A Sep 12,
  4. Noen som har ide om linker til bilder fra Bosnia 1995-1996?
    By adapter in forum Forsvarets deltakelse i operasjoner
    Svar: 7
    Nyeste innlegg: DTG 221825A Nov 06,
  5. Autofilmesse 19-22 oktober
    By armyduden in forum Mannskapsmessa
    Svar: 3
    Nyeste innlegg: DTG 162308A Oct 06,

User Tag List

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere innleggene dine
  •