https://www.academia.edu/39511497/Sj...kj3c-IHF5FzhUo

I rapporten tek eg utgangspunkt i sume aspekt ved strategisk tenking som er, bør eller kan vere, avgjerande for dei strukturval me må gjere for å skape ein mest mogleg tenleg forsvarsstruktur oppimot våre politisk-strategiske mål og det strategiske konseptet som er definert av styresmakter og Storting. Eg vil med andre ord ikkje fokusere på strategi per se, men på strategisk tenking. Samstundes, strategi og strategisk tenking er ikkje omgrep med vasstette skott seg i mellom. Forskjellen mellom omgrepa ligg primært i at ein i strategisk tenking vurderer ny empiri og nye erfaringar på basis av eksisterande omgrep og teoriar, for der igjennom å utvikle ny innsikt, medan strategi er bruk av allereie etablerte omgrep og teoriar for å utarbeide løysingar på aktuelle
problem. Forskjellen ligg altså primært i at strategisk tenking handlar om ny innsikt, medan strategi er praktisk bruk av eksisterande innsikt.
Rapporten er delt i fire bolkar. Først introduserast ein del grunnleggande vurderingar kring samanhengen mellom styrkestruktur, strategi og strategisk tenking. I neste bolk presenterast ein del vurderingar av Noreg si trong for sjømakt i samla bilete av Noreg si forsvarstrong. Tredje bolk omhandlar Sjøforsvaret sine roller i krig og i norsk konflikthandteringsstrategi. Til slutt presenterer rapporten ei konkret skisse til ein framtidig sjømaktsstruktur som er tilpassa den innsikt prosjekt Sjømakt 2040 har etablert. Denne delen er ikkje vurdert oppimot kostnad, men er søkt gjort så rimeleg som mogleg og inneber dimed ei rekkje kompromiss med føremål å maksimalisere effekt oppimot kostnad medan ein samstundes opprettheld ein differensiert, komplementær og fleksibel struktur.

Publication Date: 2019
Publication Name: Sjømakt 2040: Rapport 2/19
Forfattet av Orlogskaptein Tor Ivar Strømmen, lærer i sjømakt ved Sjøkrigsskolen, som del av et forskningsprosjekt i forbindelse med kommende FMR. Studien tar for seg bakgrunn og premisser, før den til slutt kommer med en skisse over hvordan strukturen til Sjøforsvaret bør se ut i 2040. Meget interessant lesning.

I korte trekk skisseres et Sjøforsvar i 2040 slik:

Autonome sensorar og sambandsrele bør innførast i stort omfang.

4 havgåande fregattar med områdekapasitet innan anti-ubåt og anti-overflate, samt lokal anti-luft kapasitet.

6-8 korvettar med lokal anti-ubåt og anti-luft kapasitet, samt område anti-overflate kapasitet.

6 mineryddingsfartøy, kombinasjon av tradisjonelle minesveip og minejaktfartøy. Alle bør kunne føre og støtte autonome system.

3 landbaserte autonome kapasitetar i følgjande tre områder: Haakonsvern/Bergen, Trøndelag og Ofoten/Vestfjorden.

12 (små) kanonbåtar med evne til å engasjere og nedkjempe eit kvart overflatefartøy i kystsona, samt avgrensa kapasitet til indirekte eldstøtte til landmakta.

Re-etablering av 3. bataljon (amfibisk kapasitet i hæren), støtta av 6 fartøy med kapasitet til å løfte eit stridskompani inklusive lette pansra køyretøy.

KJK bør vidareførast i parallell med ei amfibisk satsing, då primært som ISTAR kapasitet for kystsona.

6 ubåtar med mineleggingskapasitet

Sjøminer, både anti-overflate og anti-ubåt, kan med fordel inkludere mobile miner

Eit stort logistikkfartøy, KNM Maud, for å støtte operasjonar som skal mogleggjere alliert mottak.

3-4 mindre fartøy for direkte støtte til MCM, korvett, kanonbåtar og amfibiske kapasitetar.

Sikring av basestruktur

Kystvakta bør styrkast og væpnast