Det har vore litt støy i det siste rundt politiutdanninga. Fyrst om ein burde linjedele politiutdanninga for å få meir spesialiserte betjentar ved fullført politihøgskule, og no er det komme fram eit forslag om å slå saman politiutdanninga ved Politihøgskulen (PHS) og fengselsbetjentutdanninga ved Kriminalomsorgens Høgskule og Utdanningssenter (KRUS).

Linjedeling av PHS: https://www.politiforum.no/artikler/...-pa-phs/455214

Samanslåing PHS og KRUS: https://www.politiforum.no/artikler/...ekymret/455288

Eg tenkte me kunne sjå litt nærare på utdanningsløpet for desse to etatane. I tillegg kan me sjå litt på tolletaten, så får me samla dei tre blåskjorteetatane i eitt innlegg.


Politi- og Lensmannsetaten
Statens Politiskule blei grunnlagd i 1920, og haldt til på ulike stadar i Oslo før den etter krigen blei plassert i Gardekaserna i Slemdalsvegen 5, der PHS avd. Oslo er den dag i dag. På starten av 1990-talet blei det sett saman ei prosjektgruppe for å sjå på omgjering av den då toårige Politiskulen, til den treårige Politihøgskulen. Hausten 1992 byrja det fyrste kullet på den treårige høgskuleutdanninga, og våren 1993 blei det siste kullet av den toårige politiskulen uteksaminert. Far min var faktisk i dette siste kullet, og før dei gjekk over til høgskuleutdanning var politiskulen linjedelt, med ei politilinje og ei lensmannslinje, der sistnemnde hadde noko ekstrafag som til dømes ”tvangsfullbyrding”.

Politiutdanninga har sidan overgangen til høgskule-nivå vore ei ulønna, 3-årig utdanning. Skuleåra blir i politiverden kalla for B1, B2 og B3. B1 og B3 blir heldt sentralt ved ein av Politihøgskulens studiesenter i Oslo, Stavern eller Bodø (Inntil i sommar også Kongsvinger, men PHS-utdanninga der er no lagt ned). I B2 er politistudentane i praksis ved eit av landets politidistrikt. Dei vil i løpet av året også ha sentral utdanning for å få kode 160 (Utrykkingskøyring) og ”leiropphold”, med taktikk og våpentrening.

Kriminalomsorgen
Fengselsbetjentutdanninga derimot, er eit lønna toårig høgskulekandidatstudium, der ein har anledning til å bygge på til bachelor seinare. 1. og 4. semester tek stad ved KRUS i Lillestrøm, medan 2. og 3. semester skjer ved eit av Kriminalomsorgens såkalla ”utdanningsfengsel”. Ved fullført utdanning venter eit år pliktteneste.

Tolletaten
Tollutdanninga er også lønna, og varer 26 månader, med ei blanding av sentral utdanning og praksis ute ved tollregion. Etter dette venter 22 månader pliktteneste. Biletet illustrerar utdanningsforløpet.
Navn:		utdanning4.png
Visninger:	87
Størrelse:	24,6 KB

Som ein kan sjå er utdanningane ganske så forskjellige, på godt og vondt. Det er nok greit å lufte denne debatten no, men eg sitt litt med kjensla "If it aint broken, dont fix it", og ser tilbake med grøss og gru på tidlegare eksempel av sentralisering, samling av krutt og alt det der i diverse delar av offentleg sektor.