milforum.net - fra  sikkerhetspolitikk til stridsteknikk
Milforum - Fra sikkerhetspolitikk til stridsteknikk
Viser resultatene 1 til 3 av 3

Tråd: Ein veteran forteller.

  1. #1
    OR-6 Skvadronsmester
    Ble medlem
    2005
    Bosted
    Førde
    Innlegg
    2.472
    Nevnt
    82 innlegg
    Sitert
    296 innlegg

    Ein veteran forteller.

    I Naustdal bur det ein veteran som har fått vere med på litt og kvart.
    I lokalavisa har han fortalt litt om kva han har vore med på, han er og ein av dei som er med i boka Veteran. Den Gjøran har og halde foredrag for NVIO avd Sogn og Fjordane. Og han skal i morgon kveld halde eit foredrag på Sunnfjord Hotell.
    https://www.firda.no/samfunn/naustda.../f/5-15-561899

    Dette er ein betalingsartikkel så eg tenkte eg skulle referere den her. Vil tru at den er av interesse for fleire.

    Kven fortel ein om å bere eit lite barn som er øydelagt av ei mine inn på likhuset? Kva seier ein om ein jobbkvardag med rakettalarmar, angrep på leiren, og om å leite i døde soldatar etter ei sprenging?

    Kva kan folk eigentleg forstå om å leve i eit krigsherja samfunn der død, sorg og elende er ein del av kvardagen til alle?

    Det er dei spørsmåla Dan har stilt seg, og det som har hindra han i å fortelje om tida i krigssituasjonar. Men no vil han snakke.

    Vil at folk skal vite
    Libanon, Makedonia, Bosnia, Kosovo, Afghanistan. Geværsoldat, stormingeniør, mineryddar, obduksjonsteknikar. Naustedølen Dan Gøran Espedal har levd tett på krig ni gongar – frå han var 24 til 40.

    Familiefaren fortel om død, om ekstreme situasjonar, om frykt – men også om adrenalin, spenning og meistringsglede. Om kor vanskeleg det kan vere å komme heim til stilla i vesle Norge. Og om viktigheita av å få fortelje si historie i ei ny bok om dei norske soldatane som har jobba i krigsområde i utlandet.

    – Eg kunne jo fortalt, men ingen som ikkje har vore der kan heilt skjønne korleis det er. Det er jo ei bør å bere på, å vite om all den sorga eg har sett. Skulle eg legge den på sambuar og vener?

    Både Dan og dei rundt han har lurt på korleis ein kan prate om det han har opplevd. Mange har kvidd seg for å spørje han. Dei har vore redde for å stille spørsmål han kanskje ikkje vil svare på.

    Espedal har komme fram til at det er viktig å fortelje. Han vil at folk skal vite meir, skjøne litt av kva fleire nordmenn enn ein skulle tru har opplevd.

    – Det vert liksom surrealistisk å komme heim, og ingen kan heilt forstå kva du har vore gjennom. Så vert du sittande inne med det åleine. Det er ikkje sunt.

    Boka «Veteran», ført i pennen av forfattar og veteran Kim Søderstrøm, vart Espedals sjanse til å opne opp om tida i militæret. Alt det gode, og alt det vonde.

    – Eg gjekk fleire rundar med meg sjølv før eg sa ja. Eg kom fram til at eg vil at folk skal vite om historia mi. Og boka er ein hyllest til alle veteranar og familiane deira, ikkje berre dei som er i boka. Det er viktig for meg at folk veit.

    Uroleg sjel
    For Espedal, og truleg mange andre, var det vanskeleg å lande etter utanlandsteneste.

    – Det høyrest jo ut som ein klisjé, men det er mykje i det: Du kjem aldri heilt heim, seier Espedal.

    Han sit på det vesle kontoret ved obduksjonssalen på Førde sjukehus. Det tok ti år før han følte seg heilt ferdig med utanlandsteneste i militæret. Men døden, den lever han framleis tett på.

    Det var kanskje døden det starta med og. Ungguten hadde aldri tenkt seg å jobbe i militæret, tanken kom ikkje før veslebroren hans døde i ein drukningsulykke. Espedal var 21 og retningslaus, jobba på slakteri for å tene pengar til å gå ut i helgane, planla ikkje så mykje lenger fram enn det. Ei uroleg sjel med litt på rullebladet, som han sjølv formulerer det.

    I sorga etter broren låste han seg inne og sat mykje åleine.

    – Så kom tanken om militæret. Det hadde bror min alltid prata om at han ville, så då ville eg reise for ham, gjere det han aldri fekk gjort. Og så reiste eg for spenninga. Eg var ung, udødeleg og verdas tøffaste, minnest Espedal.

    Som 24-åring fekk han reise til Libanon. I eitt år var han geværsoldat der. Han var dyktig, og han elska det. To turar vart ikkje nok.

    Avhengig av adrenalinet
    Han drog vidare til Makedonia. Så ville han meir. Då vart det Bosnia, og seinare Kosovo, der han fekk tilbod om å bli stormingeniør: Både geværsoldat og mineryddar.

    – Det var veldig kult, ein ekstra injeksjon med adrenalin, utan at eg såg konsekvensane av det då, seier Espedal.
    Venene heime vaks frå han. Dei roa seg ned, stifta familie, vart etablerte. Dan skaffa yngre vener med same interesser, for Espedal ville ikkje roe seg ned. Han fortel stadig om «injeksjonane» – dosane med adrenalin som han jakta på og fekk gjennom dei ekstreme situasjonane han jobba i.

    Det var det som dreiv han vidare til Afghanistan. I krigen mot terror måtte amerikanarane ha hjelp med rydding – det var miner og bomber overalt. Det norske teamet jobba frå soloppgang til solnedgang, og pussa utstyr til dei gjekk og la seg.
    – Då vi kom til Afghanistan merka eg raskt at dette var noko heilt anna enn det eg hadde opplevd i tidlegare operasjonar. Her var eit folk som hadde vore i krig i alle år. Mandatet var annleis. Vi var i krig, sjølv om Norge kanskje ikkje heilt ville seie det høgt, fortel 45-åringen.

    Først ei god stund seinare merka han at dette hadde vore det hardaste han hadde opplevd. Han kom tilbake, jobba eitt år, gjorde seg klar til å dra tilbake i krig – denne gongen i Irak. Men ein ryggoperasjon kom i vegen, legen nekta ham å dra. Det vart eit hardt slag. Dan trudde han aldri skulle få dra tilbake. Då kom knekken.

    – Alt gjekk i ball. Eg fekk ikkje sove. Eg kunne sitte stille i ein stol og berre sjå ut i lufta, og plutseleg sat eg med henda opp i lufta framfor meg, eg fekk nokre former for spasmar.

    Alle opplevingane og inntrykka innhenta Espedal. Han hadde trykt alt bak i hovudet, ikkje snakka med nokon, latt som alt var fint. Då han kom heim frå tur nummer seks, fekk han symptom på posttraumatisk stressliding (PTSD).

    – Det var som å vere i ei mørk boble. I ettertid er det at eg greidde å komme meg ut av det noko eg er mest stolt over.

    Jobben med døden
    I denne tida var Dan som obduksjonsteknikar ved Gades institutt i Bergen, ein jobb han hadde fått tilbod om rett etter at han kom heim frå Afghanistan. Ein tidlegare kollega hadde tipsa dei om at Dan kunne passe i jobben, og då han litt nølande takka ja, fekk han full opplæring i yrket. Seinare fekk han same stilling i Førde.

    – Eg har hatt ei dragning mot døden, spesielt etter at broren min døyde. Det var ein ny måte å få adrenalin på. Det er jo ein ekstrem jobb, tungt både psykisk og fysisk.

    Espedal vart dyktig i jobben som obduksjonsteknikar. Han jobba seg gjennom den vanskelege tida, vart stadig betre, møtte sambuaren Camilla og fekk ein son.

    Men delar av Espedal var framleis ikkje heilt heime i Naustdal. Då han fekk tilbod om å drive likhuset i Kandahar i Afghanistan, takka han ja.

    – Det er alltid eit sug i deg, eit sug mot spenning. Men så var eg òg så vaksen at eg tenkte meg om, skal eg verkeleg risikere å bli dårleg igjen?

    Espedal tok sjansen, for han trudde han kunne verte betre av ei ny reise. Det var ein sjanse til å legge militærtenesta bak seg. Han fekk rett – sjølv om han som meir moden også kjente meir på frykt, kom ikkje søvnproblema tilbake. Etter tre turar, fordelt på to år, følte han seg heilt ferdig med å vere på utanlandsoppdrag – det var ikkje her han høyrde heime. Heime var Naustdal, med familie og jobb.

    Trass i at han kanskje alltid må leve med nokon grad av seinskadar frå opplevingane han har hatt, ville ikkje 45-åringen gjort noko annleis.

    – Militæret har gjort meg til den eg er i dag, det har forma meg. Nokre av dei beste åra av mitt liv var jo i forsvaret, seier han.

    Men no er det familielivet som gjeld. Han har fått tre barn, og har ikkje lenger tid til å bli liggande på sofaen og tenke for mykje. Jobben som obduksjonsteknikar kan framleis vere tung og einsam, men han har vorte flinkare til å opne seg.

    – Eg pratar meir, både med fastlegen, med familie og vener, og nokre gangar og med presten her på sjukehuset, seier Espedal med eit lurt smil.

    Forfattaren av boka har også vorte ein nær ven etter samtalene.

    – Vi forstår kvarandre på eit heilt anna plan, det er veldig frigjerande å kunne snakke med nokon som veit akkurat kva du har vore igjennom.

    Tunge historier
    Prosessen med «Veteran»-boka har vore både tung og interessant for forfattar Kim Søderstrøm, som sjølv har tenestegjort i utlandet.

    – Vi har jo alltid sett på oss sjølve som ein fredsnasjon, vi har hatt vanskeleg for å seie at norske soldatar har vore lenge i utlandet og opplevd røffe situasjonar. Mange har fått beskjed om å halde ein låg profil når dei kjem heim, fortel Søderstrøm.

    Mange av historiene var tunge å jobbe med – både å høyre om, og å skrive ned. Søderstrøm håpar boka kan gje folk eit innblikk i kva Norske soldatar faktisk har gjort på oppdrag for landet.

    Samtalane har gjeve forfattaren meir enn berre ei viktig bok: han har fått nære vener. Dan var éin av fleire veteranar som han knytte nære band til gjennom intervjua til boka.

    – Eg vart teken inn i heimen og overnatta hos fleire. Sjølv om eg ikkje kjende dei fleste eg intervjua frå før, vart vi gode vener når intervjua var over. Mange vil eg nok ha livslange vennskap med, seier forfattaren.

    Han er glad for den gode mottakinga boka har fått. Berre veker etter utgjevinga, nådde han på 7.-plass over mest lesne bøker i Norge. Boka skildrar historier frå veteranar heilt frå andre verdskrig til nyare konfliktar Norge har delteke i.

    – Eg er veldig nøgd med korleis boka vart. Veteranar veit jo korleis det er å vere ute, men andre veit veldig lite. Dei vil sitte att med mykje av å lese boka, seier Søderstrøm.

  2. #2
    OR-4 Korporal
    Ble medlem
    2017
    Innlegg
    296
    Nevnt
    15 innlegg
    Sitert
    83 innlegg

    Sv: Ein veteran forteller.

    Takk for den.
    De er langt fra sine hjem
    men blikket opp og frem

  3. #3
    OR-6 Skvadronsmester
    Ble medlem
    2005
    Bosted
    Førde
    Innlegg
    2.472
    Nevnt
    82 innlegg
    Sitert
    296 innlegg

    Sv: Ein veteran forteller.

    Fekk dessverre ikkje vere på fordraget som Dan Gjøran hadde på Sunnfjord Hotell i går, men har fått rapport frå det. Dette var på ein plass med alkoholservering, det var 240-250 personar tilstade, og når Dan Gjøran snakka så var det så stilt at ein kunne høyre ei knappenål falle.

    Mi ærlege meining er at desse forskjellige Veteran organisasjonane burde gripe fatt i mannen og bruke han til å halde foredrag landet rundt.

  4. Liker Navytimes likte dette


Lignende tråder

  1. Falsk veteran ?
    By Gammlingen in forum S-5 4. Veteranforum
    Svar: 12
    Nyeste innlegg: DTG 071403A Jan 17,
  2. Britisk kommandosoldat forteller om knivbruk
    By Rofel in forum Mannskapsmessa
    Svar: 3
    Nyeste innlegg: DTG 091421A Dec 15,
  3. Nyhetslink: Norske soldater forteller hvordan det er å drepe
    By solrikioo in forum S-2 1. Generelle nyheter.
    Svar: 6
    Nyeste innlegg: DTG 141422A Mar 11,
  4. Fra vernepliktig til veteran
    By e7b in forum S-5 4. Veteranforum
    Svar: 12
    Nyeste innlegg: DTG 030004A Jul 09,

User Tag List

Regler for innlegg

  • Du kan ikke starte nye tråder
  • Du kan ikke svare på innlegg / tråder
  • Du kan ikke laste opp vedlegg
  • Du kan ikke redigere innleggene dine
  •