Milforum

Globalt toppbanner

Collapse

Kunngjøring

Collapse
No announcement yet.

Toler Fnvlf og forsvarsmiljøet kritiske synspunkt?

Collapse

Annonse før emne

Collapse
X
 
  • Filter
  • Tid
  • Show
Clear All
new posts
  • Trådstarter

    Toler Fnvlf og forsvarsmiljøet kritiske synspunkt?

    Liv M. Stenbakk Krognes
    Tidlegare leiar i Pårørandegruppa for FN- og NATO- Veteranane


    Ope brev til FN-Veteranenes Landsforbund


    TOLER FNVLF OG FORSVARSMILJØET KRITISKE SYNSPUNKT?

    Eg takkar for eit hyggeleg landsmøte i Stavanger og konstaterer atter ein gong at det er alltid hyggeleg å vere i veteranmiljøet. Sjekkposten annonserte landsmøtet slik: … hvor veteranene og deres pårørende er i fokus, og eg stilte difor med forventningar. Diverre var pårørande ikkje debattert, men vedtaket: arbeide for å ivareta interessene til pårørende til og etterlatte etter veteraner, viser solidaritet; og er i tråd med den gamle samarbeidsavtalen med tidlegare president Lorentz Boxaspen og tidlegare generalsekretær Erling Hoem.

    I kor stor grad pårørande var på agendaen til president Odd Helge Olsen på ”valkampturneen”, kjenner eg ikkje til, men dette var ikkje tema på landsmøtet. Eg reknar med at Olsen toler konstruktiv kritikk når han tek til på to nye år, og attpå er president for Nordic Blue Barret. Når Pårørandegruppa no takkar nei til ny samarbeidsavtale, tillet eg meg som tidlegare talskvinne og leiar å kommentere samarbeidet i den siste tida.

    Filosofen Heraklit sa at du ikkje kan gå ned i same elva to gonger, fordi neste gong er både du og elva ei anna, men kontrasten frå den førre leiinga blei markant, og vi var i ferd med å miste vår integritet som tredjepart i internasjonale operasjonar (INTOPS), og braut difor samarbeidet. I langtidsmeldinga til forsvaret er ivaretaking og involvering av dei skaddes pårørande eit eige punkt som styrkjer vår posisjon etter seks år med hardt arbeid.

    SAMARBEIDSAVTALEN
    Ein felles veteranorganisasjon set arbeidet for veteranane inn i ein større dimensjon, der nasjonal teneste og pårørandegrupper (mi utheving) skulle dekkast av veteranomgrepet, var visjonen til presidenten i Sjekkposten 1-07. Honnørord som: lyttande, lagspel, sondering, utredning, felles vedtekter med meir vart framheva for å heve status og interessene til veteranane. Føresetnaden var økonomisk støtte frå forsvar og departement. Forbundet kapitulerte overfor andre forsvarsrelaterte organisasjonar, men intensiverte arbeidet om ei felles pårørandegruppe, utan at honnørorda stod ved lag.

    Ambisjonane og dei mektige støttespelarane, gjev assosiasjonar til Platon si statslære (Staten), der idealstaten i idéverda skal styrast av dei klokaste (filosofane), forsvararane eller dei militære skal stå for motet og viljen. Kvar med sin dyd, og når det rette forholdet herskar, føreligg rettferd. Grunngjevinga frå forsvarssjef og departement var berre det kalde ordet: effektivitet, og ”motet og viljen” fylgde etter med det same argumentet. Burde ein ikkje i staden løfte blikket mot rettferda? Det er allfall slik dei pårørande ser det - for ideen om det gode er sjølve sola i ideane sitt rike.

    Kulturskilnader. Erfaringsbakgrunnen til yrkesoffiserar og pårørande blir sjølvsagt ulik. Mange pårørande har vore på 70 000 famnars djup med si sorg og sin smerte, og ynskjer ikkje å gå inn i nokon forsvarsrelatert organisasjon, for dei vil legge den vonde tida bak seg. Dei karakteriserer det slik: ”eg blir så sint når eg tenkjer på det”, ”det nyttar ikkje å ta opp kampen mot forsvaret”, ”det er berre fine ord”. Pårørande som har mista sine i teneste, karakteriserer granskinga etter ulukker som bukken og havresekken og føler dette sviket. For nokre har drivkrafta vore å krevje rettferd. Det er difor eit paradoks at pårørande ikkje lenger blir vist respekt hos FNVLF, eg håpar det ikkje har å gjere med gamle fordommar mot ei kvinnedominert gruppe i ein patriarkalsk kultur.

    Saman er vi sterke, er ei god fane å samlast under, og vi treng eldsjeler til å drive utviklinga, men denne må byggast på likeverd for dei som høyrer til under veteranomgrepet. Oswald Spengler teoretiserer den historiske samfunnsutviklinga i Der Untergang des Abendlandes, der den einskilde kultur vert fødd når ei stor sjel vaknar av ”den ursjelelege tilstanden” og ein ny kultur oppstår med sitt språk og med ny mentalitet, til den naturleg døyr ut - men spenningstilhøvet mellom ulike kulturar er viktig for å drive utviklinga. Og pressa er det åndelege maktmiddelet. Sett i lys av denne teorien, bør den frittståande Pårørandegruppa halde fram med å markere seg i media.

    Ei frittståande gruppe får ny samarbeidsavtale. Utan forvarsel eller sonderingar blei ny samarbeidsavtale utarbeidd, og med eit pennestrøk blei gruppa: 1) degradert til ei lokalforeining, 2) pålagt å inkludere nasjonal teneste, 3) og i realiteten fråtatt ytringsfridomen, 4) med fem dagars svarfrist - dette som svar på heilt andre problemstillingar. Paradoksalt nok vart gruppa samtidig oppmoda om å søkje plass i det ”forjetta landet”- paraplyorganisasjonen, med alle lovorda som tidlegare er nemnd.

    På landsmøtet vart ikkje synspunkta våre aksepterte som saksdokument, sjølv om temaet var pårørende i fokus. (Derimot var generalinspektør for hæren, Robert Mood sitt namneforslag prioritert under den saka) Etter denne handsaminga blir vedtaket om å ivareta interessene til pårørande utan verdi. Og som eit lokallag med ein delegat på landsmøta blir pårørande ”blomen i knappholet”.

    SYNSPUNKT PÅ YTRINGAR I MEDIA
    Utviklinga på veteranarbeidet akselererte etter at Boxaspen fremja framlegg om veteranlov (og fekk ”Vekas kaktus” i Dagbladet med påstanden om ”sugerøyr” i statskassa). Samtidig organiserte dei sjuke veteranane og pårørande seg i protest mot ansvarsfråskrivinga. I ulike samanhengar er det svært provoserande at forbundet innkasserer all ære for den positive utviklinga, presidenten bør heller vere svært audmjuk for andre sin innsats, og legge vekk følgjande karakteristikk: … noen ganger opplever at velmenende personer og grupperingar gir sitt beskyv med i de pågående diskusjoner omkring våre veteraner. Det må sjølvsagt vere rom for pårørande sitt beskyv til å fremje manglande tillit til forsvaret etter våre dårlege erfaringar (Aftenposten 19.11.07, RedaksjonEN 21.11.07, Sjekkposten 5-07).

    Argumentasjonen er svært ekskluderande, då veteranane også er våre søner, døtre, ektefelle, foreldre, søsken som ikkje får/ikkje har fått hjelp i tide, der både soldatane/veteranane og deira pårørande har blitt ignorerte under/etter internasjonale operasjonar. Pårørandegruppa hadde forventa ei anna forståing frå ein sivil organisasjon enn at våre innspel skulle bli karakteriserte som soloutspill. Presidenten viste heller ein eineståande lojalitet overfor forsvaret og departementet. Haldninga til Olsen er skremmande når han motarbeidar vårt ynskje om merksemd på den manglande bemanninga på Nasjonal Militær Poliklinikk for psykisk skadde.

    Derimot støttar presidenten professor Weiseth sitt forslag: psykisk skadde først i helsekøa, og viser til forbundets prioriterte område (NTB 14.01.08). I følgje verksemdsplana for 07/08 gjeld prioriteringa på NMP - ikkje i den ordinære helsekøa. Dette er svært alvorleg a) først legge røykteppe over forsvarets nedprioriteringar på NMP, b) feilinformerar, c) og spiller svake grupper opp mot kvarandre i eit mangelfullt sivilt helsevesen. Eg reknar med at frivillige hjelpeorganisasjonar skal prioriterast etter INTOPS osv. - kanskje forsvarsfolk og presidenten bør vere tøffe nok å fortelje kven som skal stå sist i køa også?

    Sjekkposten. Det er positivt at leiaren er kritisk og at redaktøren opnar for kritiske innlegg - det gjev mangfald. Nestleiaren i vårt tidlegare interimstyre, Herdis Smines, har endra syn og argumenterer for felles pårørandegruppe, men kan ikkje fråskrive seg eigen medverknad til å halde på veteranomgrepet. Sjølvsagt er det rom for å endre synspunkt, men kvar og ein bør bøye seg for mandat og årsmøtevedtak og ikkje skulde på andre. Ei oppmoding om motsegn hadde vore på sin plass rett føre landsmøtet, då forbundet sat med alle dokument, var part i saka, og forslaget frå Smines var identisk med forbundets. Redaktørplakaten, Ver varsam plakaten og dei langsiktige måla /verksemdsplanen bør opp av skuffa og opp på veggen!

    VETERANLOVA - LANGTIDSMELDINGA - ØKONOMI
    Veteranlova er svært viktig for pårørande også. Etter lengre tids arbeid overfor Veteran Administrasjonen og departementet har vi ikkje oppnådd å få medverknad i dette viktige dokumentet, sjølv ikkje som høyringsinstans! Andre pårørandeorganisasjonar er også fråverande. Landsforeningen for pårørande innen psykiatri (LPP) og Voksne for barn vil vere av minst like stor interesse som til dømes Landsforeningen for trafikkskadde.

    Langtidsmeldinga. Prioritering, ivaretaking og involvering av dei skaddes pårørande vil skape tillit og heve kvaliteten på INTOPS. Ombodsmann for Forsvaret eller Sivilombodsmannen bør sannsynlegvis vurdere saksgangen/dokumenta og våre rettar, eller manglande rettar for at målsettinga blir liv laga.

    Pengar er makt. Pårørande har spart samfunnet for svimlande summar for sviket i over femti år, der INTOPS har medført redusert livskvalitet og levestandard for svært mange. Men Pårørandegruppa treng økonomi til å fylgje opp taparane, FNVLF skal derimot ivareta både friske og sjuke veteranar. Men pårørande er kapable til å ta hand om økonomien sjølve, og ikkje berre vere ei ”inntektskjelde” hos forbundet når vi ikkje får respekt, reel medverknad eller innsyn i talmateriale for å imøtekome pålegg om neste års budsjett. Desse midlande bør i ettertid øyremerkast til Pårørandegruppa.

    Eg takkar for eit samarbeid som har betydd mykje i mitt engasjement, men pårørande kan ikkje gå på akkord med seg sjølve og atter ein gong stå med ”knappar og glansbilete”. Det er difor viktig at haldningane i leiinga blir akseptable i det sivile liv. Eg ynskjer lukke til vidare med eit svært viktig arbeid.

    Eg tillet meg å be om avklaring på om forsvaret og forbundet står i ein arbeidstakar/arbeidsgjevar relasjon som er forpliktande?


    Naustdal 04.08.2008 - korrigert 08.08.2008


    Med vennleg helsing

    Liv M. Stenbakk Krognes
    Lignende tråder
  • Trådstarter

    #2
    Liv M. Stenbakk Krognes
    Øyraholten 1
    6817 Naustdal 08.08.2008


    Ope brev

    Forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen
    Forsvarsdepartementet
    P. b. 8126 Dep.
    0032 OSLO

    PÅRØRANDE SIN SITUASJON - LANGTIDSPLANEN – BRUKARMEDVERKNAD
    Viser til iverksettingsbrevet for langtidsplanen til forsvarssjefen og Stortings proposisjon nr. 48, der pårørande er nemnd med eit eige punkt, og til veteranlova som er ute på høyring. I følgje iverksettingsbrevet ynskjer forsvarsministeren … eit Forsvar som er forankret i samfunnet, som eit grunnlag for å sikre oppslutninga om Forsvaret. Som lærar i samfunnsfag og tidlegare leiar i Pårørandegruppa til FN- og NATO- Veteranane (Pårørandegruppa), tillet eg meg å kome med meiningsytringar om kan gje positiv effekt til dette ynskje.

    Positive tiltak. Pårørandegruppa vart etablert i 2002 og har konsentrert arbeidet om å:
    - få lys på ein lukka kultur som har vore nesten ugjennomtrengeleg for pårørande
    - endre rekrutteringspolitikken for å unngå bondefangeri
    - få lys på eit svært mangelfullt registrerings- og dokumentasjons arbeid
    - få akseptable behandlings- og erstatningsordningar
    - få likeverdsprinsipp mellom fysiske og psykiske skader
    - gje sosialt fellesskap og støtte til kvarandre i ein kvardag som har bydd på mykje motgang og ansvarsfråskriving.

    Det er difor positivt at det no er etablert Veteran Administrasjon, Nasjonal Militær Poliklinikk og vi snart har ei veteranlov som forhåpentlegvis kan ivareta veteranane på ein høvisk måte.

    Veteranlova – høyringsinstans. I 2004 tok Pårørandegruppa initiativ til høyringsinnspel til forskrift om tenestegjering i internasjonale operasjonar og bad om å bli registrert som høyringsinstans, og i 2006 bad vi om å få delta i utforminga av veteranlova (ser ein på dei to rapportane som vart lagt fram i haust, er pårørande knapt nok nemnde). Ynskja fekk ikkje gehør verken hos departementet eller Veteran Administrasjonen. I det siste året har vi tatt opp igjen saka med begge instansane og hatt drøftingsmøte med departementet, men eg ser til stor skuffelse at verken Pårørandegruppa for FN- og NATO Veteranane eller andre pårørandeorganisasjonar er registrert på høyringslista.

    Pårørande er ei hardt røynd og skjult gruppe. Reknar ein seks nære pårørande pr soldat, dreier det seg om relativt mange pårørande berre innan kategorien skadde. Vårt mål var å tilføre forvaltninga kompetanse som pårørande har, og vere med å utvikle forslag til endringar som kan betre situasjonen for Forsvaret, soldatane, veteranane og dei pårørande. Brukarmedverknad bør difor forankrast på politisk nivå og håpar det let seg gjere i samband med veteranlova.

    Likeverdsprinsippet. Døden som følgje av psykiske skader etter at tenesteforholdet har opphørt, må bli likeverdige med fysiske skader i samband med Forsvarets minnesamlingar. Det kan ikkje aksepterast at sorga etter sjølvmord er annenrangs. Pårørandegruppa stod utan invitasjon til opninga og foredraget ”Leve med tap”, familiane takka difor nei og deler av styret møtte i staden. Håpar det blir ei haldningsendring på dette.

    Førerett i helsekøa. Det er mange fasettar i samband med internasjonalt fredsarbeid (INTOPS), som til dømes kven skal betale med si liding? Utanriksminister Jonas Gahr Støre skreiv eit sterkt milleniums brev, om soldaten som vart psykisk skadd etter å ha gått på land i Normandie, og som prega familien i generasjonar. Ser ein på sivilbefolkninga generelt, sliter dei med sin kvardag også. Arnhild Lauveng skreiv boka ”I morgen var jeg alltid en løve” og var innlagt i ti år på psykiatrisk sjukehus. Ho beskriver kampen for å bli frisk på ein framifrå måte og framheva familien som ein viktig faktor. Veteranane har erfaring med at Forsvaret fløyteskummer kven som er kvalifisert som ”skadd etter teneste”. Det er difor svært trist at professor i krisepsykiatri, Lars Weiseth og presidenten i FN- Veteranenes Landsforbund, Odd Helge Olsen, kjem med utspel om førerett i den ordinære helsekøa. Det vil for det første skade omdøme til veteranane og dernest er det uetisk å spille svake grupper opp mot kvarandre i eit mangelfullt helsevesen. INTOPS handlar ikkje om krig på norsk territorium - då ville saka sannsynlegvis vore annleis. I staden bør Nasjonal Militær Poliklinikk rustast opp og Forsvaret bør øve påtrykk til opprusting innan psykiatrien. Soldatane reiste frivillig ut, og verken dei eller pårørande ynskjer å gå fram med spisse olbogar.

    Felles pårørandegruppe. Eg er kjend med at ministeren og forsvarssjefen ynskjer ei felles pårørandegruppe, og på sikt kan det bli ein realitet. I den seinare tid har gruppa blitt satt under eit sterkt press som ikkje kan aksepterast og som er svært demotiverande. Pårørandegruppa er ei svært lita og sårbargruppe som er i støypeskeia, og har ikkje hatt kapasitet til å famne om nasjonal teneste også - men alle som støtter vedtektene har blitt ynskja velkomne. I følgje høyringslista til veteranlova, viser den eit mangfald på andre forsvarsrelaterte organisasjonar, og håper at pårørande har same aksept til organisasjonsfridom.

    Ved å imøtekome disse ynskja, vil det gje viktige signal som kan sikre oppslutninga om Forsvaret sitt engasjement i internasjonale fredsoperasjonar.

    Ber om tilbakemelding.



    Med venleg helsing

    Liv M. Stenbakk Krognes



    Gjenpart til: Forsvarssjefen
    Forsvarskomiteen
    Ombodsmannen for Forsvaret
    Pårørandegruppa for FN- og NATO- Veteranane
    FN-Veteranenes Landsforbund

    Kommentér

    • Trådstarter

      #3
      TOLER FNVLF OG FORSVARSMILJØET KRITISKE SYNSPUNKT? Del II

      Innlegget er basert på to opne brev, eit til FNVLF ”Toler FNLF og forsvarsmiljøet kritiske synspunkt?” og eit anna til forsvarsministeren ”Pårørande si situasjon – langtidsplanen – brukarmedverknad,” og på svaret frå departementet. Forbundet har ikkje svart, såleis kan ein konkludere med at dei står i ein arbeidstakar- arbeidsgjevarrolle overfor forsvarsleiinga som samsvarar med dei sterke banda dei har etablert.



      Eg konstaterer med glede vedtaket om ”… å ivareta interessene til pårørande til og etterlatne etter veteranar”, men Pårørandegruppa sitt årsmøte takka derimot nei til ny samarbeidsavtale med forbundet. Arbeidet med ein felles veteranorganisasjon vart ein maktdemonstrasjon som står til stryk, pårørande var i ferd med å miste integritet og ytringsfridom.

      Det er provoserande når forbundet innkasserer æra for ei positiv utvikling med veteranlova. President Odd Helge Olsen bør i staden vere svært audmjuk for andre sin innsats og legge vekk karakteristikken: "… noen ganger opplever man at velmenende personer og grupperingar gir sitt beskyv med i de pågående diskusjoner omkring våre veteraner". Argumentasjonen er hårreisande, då veteranane i hovudsak er våre søner, døtre, ektefelle, foreldre, søsken som ikkje har fått/får hjelp i tide. Det er dei omkomne, dei skadde og deira pårørande som har betalt rekninga for internasjonal teneste og våre særskilte organisasjonar har verkeleg profilert kampen og fått veteranen og pårørande på dagsorden.

      Det er skremmande når tidlegare yrkesoffiserar går i mot pårørande sitt ynskje om merksemd på den manglande bemanninga på Nasjonal Militær Poliklinikk (NMP), det gjeld tross alt liv og helse. Er verkeleg forbundet ein sivil organisasjon?

      Derimot støtta FNVLF professor Lars Weiseth sitt forslag: psykisk skadde først i helsekøa og viste til forbundets prioriterte område. I følgje verksemdsplana gjeld prioriteringa på NMP - ikkje i den ordinære helsekøa! Dette er svært alvorleg fordi, a) det legg røykteppe over forsvarets nedprioriteringar av NMP, b) feilinformerar, c) og spiller svake grupper opp mot kvarandre i eit mangelfullt sivilt helsevesen.

      I forsvaret si langtidsmelding er ivaretaking og involvering av dei skaddes pårørande med, men ingen pårørandeorganisasjonar blei akseptert som høyringsinstans. Ekspedisjonssjef Elisabeth Bøtker Larsen svarer på vegne av Forsvarsministeren at FNVLF arbeider for pårørande sine interesser. Ringen er openbart slutta i maktapparatet - pårørande er ekskludert frå å fremje eigen verkelegheit og demokratiet er satt til sides. Høyringsinnspelet til forbundet har ingen konkrete tiltak overfor pårørande, berre runde formuleringar som borgar for fåkunne. Andre organisasjonar får økonomisk støtte mot å stille med kvalifiserte representantar i råd og utval, pårørande skal i staden gøymast vekk og ta i mot ordre.

      Tsunamien dokumenterer at både dei som vart ramma og pårørande er plaga av angst, stress og depresjon. Slitasjen på pårørande er overraskande for forskarar, det verkar som det ikkje er kjent i forsvarsmiljøet heller. Men det er det ikkje for oss. Landsmøtevedtaket forpliktar til at pårørande skal vere meir enn ein blome i knappholet. Siops har inkludert pårørande ved sitt styrebord, kanskje det kan vere til ettertanke for forbundet også. Millionløyvingane til FNVLF må snarast legitimerast i kvalitativt arbeid basert på erfaringskompetansen til dei skadde veteranane og deira pårørande. Men både dei skadde og pårørande har openbart fjerna seg frå FNVLF - kvifor?


      Liv M. Stenbakk Krognes
      tidlegare leiar i Pårørandegruppa til FN- og NATO Veteranane

      Kommentér


      • #4
        Jeg har ingen kjennskap til disse prosessene, partene eller de personene som er involvert i dette.

        Men for meg som veteran er det nok ett eksempel på veteranrelaterte grupper/organisasjoner/forbund etc etc som krangler seg imellom. Det handler sikkert om strategi, penger, fokus og viktige ting - men for meg som veteran handler det bare om nok ett eksempel på at her driver noen og herjer - delvis på mine vegne tydeligvis.

        Tenk hvis alle disse som tydeligvis er så opptatt av veteranenes behov og stilling hadde fokusert på målet og oppført seg. Det betyr å diskutere metoder og fokus og jobbe sammen som voksne mennesker. Beklager, men fra min tue ser det ikke slik ut - og jeg skjønner godt at Forsvaret sliter med å organisere veteranvirksomheten sin opp i dette mylderet.

        Jeg sier ikke at du tar feil eller har rett eller at dette er unødvendig bråk. Det vet jeg ikke nok til. Det er bare det at stort sett hver gang jeg hører om veteransaken handler det om de forskjellige grupperinger og konflikter dem imellom.
        "Gjør Ret, Frygt Intet"

        Kommentér


        • #5
          Opprinnelig skrevet av Sofakriger
          Jeg har ingen kjennskap til disse prosessene, partene eller de personene som er involvert i dette.

          Men for meg som veteran er det nok ett eksempel på veteranrelaterte grupper/organisasjoner/forbund etc etc som krangler seg imellom. Det handler sikkert om strategi, penger, fokus og viktige ting - men for meg som veteran handler det bare om nok ett eksempel på at her driver noen og herjer - delvis på mine vegne tydeligvis.

          Tenk hvis alle disse som tydeligvis er så opptatt av veteranenes behov og stilling hadde fokusert på målet og oppført seg. Det betyr å diskutere metoder og fokus og jobbe sammen som voksne mennesker. Beklager, men fra min tue ser det ikke slik ut - og jeg skjønner godt at Forsvaret sliter med å organisere veteranvirksomheten sin opp i dette mylderet.

          Jeg sier ikke at du tar feil eller har rett eller at dette er unødvendig bråk. Det vet jeg ikke nok til. Det er bare det at stort sett hver gang jeg hører om veteransaken handler det om de forskjellige grupperinger og konflikter dem imellom.
          Det kommer nok en eller annen dag, etter litt tilvenning over tid, selv om det nok fortsatt er en bit fram dit.

          Den mangfolden du finner av interesseorganisasjoner for intopsveteraner her i landet, stammer muligens (slik jeg oppfatter det i alle fall) fra visse "kulturproblemer" FNVLF hadde med overgangen fra å være et "kollegium for offiserer med intopsbakgrunn" til å bli en organisasjon for "alle" med intopsbakgrunn.
          + at de muligens ikke var helt på høyden teknologisk da web'en gjorde sitt inntog (og du fikk Veterannett som fylte det tomrommet i stedet).
          Det sagt så er jeg ikke selv medlem av noen av disse veteranorganisasjonene foreløpig, og det jeg har hatt av kontakt med FNVLF der "eg bur" har så langt vært relativt ok erfaring på p to p basis.

          Kommentér


          • #6
            Re: Toler Fnvlf og forsvarsmiljøet kritiske synspunkt?

            Vekker denne gamle tråden da jeg er interssert om noen har lyst til å gi en status på veteran/pårørende organiseringen. Svært mange veteraner er ikke medlemmer eller aktive på noen som helst måte (inkludert meg) - men det kunne vært greit å høre hva status er om de forskjellige organisasjoner/grupperinger ...
            "Gjør Ret, Frygt Intet"

            Kommentér


            • #7
              Re: Toler Fnvlf og forsvarsmiljøet kritiske synspunkt?

              Jeg er "støttemedlem" i et par av organisasjonene, dvs. svært inaktivt medlem. NVIO (tidligere FNVLF) er jo den suverent største organisasjonen, ment for alle veteraner fra intops. Opprinnelig (1961) het den ”Norske militære FN-observatørers landsforbund”, deretter omdøpt til ”FN-befalets landforbund" og var en "hyggeklubb" for befal som hadde tjenestegjort i FN-misjoner, først og fremst som FN-observatører (UNTSO), men selvfølgelig etter hvert også Kongo (ONUC), Gaza (UNEF) og etter 1978 Libanon (UNIFIL). Helt til 1988 var den kun for de som var, eller hadde tjenestgjort som, befal. Blå blazere, produksjon av diverse minnemedaljer og treff med tilsvarende foreninger i de andre nordiske land var høydepunkter. Foreningen var også svært preget av at den var fra en tid der befal (og tidligere befal) anså seg som høyt hevet over tidligere menige, selv om det var 10 år siden de hadde tjenestegjort og de tidligere menige nå kunne være i høye sivile stillinger. I tillegg var det stor respekt for militær grad og hierarkisk tankegang.

              Det var UNIFIL, og det store antallet som hadde tjenestegjort der, som fikk endret foreningen totalt, men først etter 10 år. I 1988 ble den åpnet for alle og omdøpt til FN-veteranenes landsforbund (FNVLF), for et par år siden omdøpt til NVIO (Norges Veteranforbund for Internasjonale Operasjoner). I meget stor grad bygger FNVLF på lokalforeninger (55 lokalforeninger med over 7000 medlemmer). Aktiviteten er helt bestemt av lokalforeningene, og det er lokalforeningene som har representanter i landsmøtet som velger Forbundsstyret etc.

              Det er mitt inntrykk at hvor mye som henger igjen fra før 1988 varierer enormt fra lokalforening til lokalforening. Det er en del der de blå blazere med medaljer er en viktig del av virksomheten. Forbundsstyret har svært ofte hatt tidligere bataljonssjefer i UNIFIL som president (også i dag). Men det er jo medlemmene som gjennom lokalforeningene kan endre ting (og eventluelt få en annen president). NVIO er svært ivrig på å ikke være en ren UNIFIL-forening og navnebyttet var jo nettopp for å få med IFOR-, SFOR- og nå ISAF-veteranenene så man ikke dør hen med en medlemsmasse som blir i gjennomsnitt ett år eldre for hvert år.

              Forbundsstyret, og særlig dets nåværende president, Odd Helge Olsen (bataljonssjef i NORBATT kont. XXIII og XXIV, 1989-1990) har kommet med nokså merkelige uttaleleser av og til, bl.a. da han gikk ut i pressemelding mot aksjonen ved Stortinget tidlig i høst. Men som sagt, det er opp til medlemmene, gjennom lokalforeningene, å bestemme hvilken kurs foreningen skal ta. Er man uenig med nåværende kurs, er det beste man kan gjøre å være aktiv i egen lokalforening. Og det er veldig mye positivt som skjer i lokalforeningene.

              Så har man et par foreninger for (psykisk) skadde veteraner, der svært mye energi har vært brukt på å bekjempe hverandre (dvs. det har så vidt jeg har sett gått en vei) og NVIO. Min personlige mening er at Veteranforbundet SIOPS fungerer svært saklig og har gjort en stor og bra innsats for å løfte saken for veteraner med psykiske senskader. Organisasjonen WARFOG har i perioder brukt mer energi på å rakke ned på andre enn å gjøre noe positivt, men jeg forstår jo at en del med psykiske skader kan ha grunn til å være litt paranoide (også paranoide kan bli forfulgt).
              At sauene vedtar at alle skal leve av gress hjelper dem lite hvis ikke ulvene er enige.

              Kommentér


              • #8
                Re: Toler Fnvlf og forsvarsmiljøet kritiske synspunkt?

                Opprinnelig skrevet av hvlt
                Min personlige mening er at Veteranforbundet SIOPS fungerer svært saklig og har gjort en stor og bra innsats for å løfte saken for veteraner med psykiske senskader. Organisasjonen WARFOG har i perioder brukt mer energi på å rakke ned på andre enn å gjøre noe positivt, men jeg forstår jo at en del med psykiske skader kan ha grunn til å være litt paranoide (også paranoide kan bli forfulgt).
                Da tror jeg jammen at du må sette deg inn i sakene på nytt før du begynner å slenge dritt om ting du åpenbart ikke har kjennskap til hvlt ! Siops og WARFOG jobber utmerket sammen i dag, med ledende personell fra begge sider på samme side av forhandlingsbordet, så hvor du har vært henn de siste årene vites ikke. Den usaklige er i dette tilfellet deg !

                Kommentér


                • #9
                  Re: Toler Fnvlf og forsvarsmiljøet kritiske synspunkt?

                  Det var jo fint! Men jeg skrev faktisk "i perioder" og nevnte ikke situasjonen i dag. En hovedperson bak WARFOG brukte for få år siden mye plass i diverse nettfora til å så tvil om Siops og spesielt om motivene til Siops' daværende midlertidige frivillige forbundssekretær. På den tiden virket det i hvert fall for en som ikke har eller har hatt noe med noen av organisasjonene å gjøre som om folkene bak WARFOG brukte mye mer energi på å krangle med (og rakke ned på) andre veteranorganisasjoner enn på å gjøre noe positivt for veteranenes sak (det er jo bare å lese i diverse tråder på Veterannett fra 2007-2008, når man vet hvem som var ledende WARFOG-folk, det kryr av svært usakelige innlegg). Godt å høre at kranglingen er slutt. Svært positivt!
                  At sauene vedtar at alle skal leve av gress hjelper dem lite hvis ikke ulvene er enige.

                  Kommentér

                  Working...
                  X
                  Besøksstatistikk