Ein eg nett har blitt kompis med skreiv noko slikt som: Eg har køyrt 720km til ein plass eg ikkje før har vore for å møte nokon eg ikkje kjenner, dette for å hjelpe nokon eg aldri før har møtt, og det var fantastisk.
Eg sjølv sete her med omtrent same følelsen. Eg reiste frå ein liten by på vestlandet til storbyen Houston i Texas for å hjelpe folk etter flommen der. Der møtte eg blant andre han som hadde køyrt i frå Arkansas, og mange andre som var ute i same ærend. Det var folk i frå heile USA, det var folk i frå Canada, Australia og i frå Norge. Alle desse møttest i Houston for å vere med på å gjere livet litt lettare for alle dei som var ramma av flommen i Texas.
Alle desse er medlemar i ein organisasjon som heiter Team Rubicon. Denne organisasjonen vart starta av to veteraner frå the marines i 2010 etter eit stort jordskjelv på Haiti. I lag med 6 andre veteranar og førstlinjearbeidarar reiste dei til Haiti for å yte hjelp til dei naudlidne. Dette vart starten på ein nauhjelpsorganisasjon som i hovudsak rekrutterer veteranar, sjukepleiar, legar, brannfolk, politi og ambulansearbeidarar, med eit spesielt trykk på dette med veteranar.
Organisasjonen starta i USA, og er no i ferd med å spre seg utover. Norge er det første ikkje engelsktalande landet dei etablerer seg i. I Norge starta rekrutteringa i juni 2017, og organisasjonen har sendt 24 medlemar til Texas, før det sendte dei 5 til Illinois. Men det har vore nordmenn med nesten sidan starten. Når orkanen Sandy herja i New York var det nordmenn med under fana til Team Rubicon. Når tyfonen herja på Filippinene i 2013 var det nordmenn med under fana til Team Rubicon, var vel då eg høyrde om dei første gangen.
Korleis er det å reise til USA for ein fersk nordmann kan ein spørje, og heilt ærleg det tenkte eg ein del på for ca 3 veker sidan. Men vi vart mottatt med opne armar og vel som det. Når ein ser på den mannskapstyrken som er i drift og har vore i drift i Texas så er 24 nordmenn eller vi 8 som kom i først pulje berre ein dråpe i havet. Men det er ein dråpe som blir satt stor pris på. Det gjeld både blant vore amerikanske kollegaer og ikkje minst blant lokalbefolkninga. Fekk inntrykk av at alle var glade for hjelpa dei fekk uansett, men det var litt ekstra stas viss det var ein frå Norge eller Australia som kom for å ordne opp.
Av oss 8 i første pulje var vi to som vart sendt til same plass, og på dag 4 var vi begge to blitt lagledarar. Så eit direkte dårleg inntrykk kan vi ikkje ha gitt for den jobben hadde vi til vi reiste heim.
Dette må vere dyrt tenke sikkert enkelte. Eg har vel sjeldan brukt så lite pengar på ein 12 dagars periode som eg gjorde denne gangen. Reisa vart sponsa av Lufthansa. Direktøren for Lufthansa Norge sa det slik: "Eg har jobba i Lufthansa i 25 år og har aldri opplevd at ein beslutning har blitt tatt så fort før". På grunn av sponsinga vart det ein del bildetaking både i Oslo og Houston, men kva gjere ein ikkje for ein flybillett. Overnatting var i ei kyrkje, i eit av forsamlingsromma til kyrkja låg vi på feltsenger eller luftmadrass side om side, gammal og ung og begge kjønn. Som ein sa, det er snorking og fising over alt, men sov gjorde vi. Same kyrkja sto for middagen vår dei fleste dagane. Kan foresten nemne at i Texas er det ikkje Tacofredag, men Tacotysdag.
Det var vekking kl 0630 kvar morgen og å var det å få i seg frukost, og laste opp bilane slik dei var klar til å køyre ut kl 0800 etter morgenbrif. Kl 1600 sette ein kursen tilbake til basen for vask av alt utstyr og ein god dusj og middag.
Etter middag var ølflagget oppe og ein kunne ta seg ei øl eller to. Det vil sei, på grunn av kyrkja sitt AAA opplegg måtte vi ut av området. Men den lokale Elk klubben opna dørene for oss. Det var ikkje noko fyll kun litt øl og masse skittpreik.
Eg er omtrent klar til neste tur.

Kommentér