NRK Innlandet rapporterer:
Fare for storflaum over heile landet
Mykje snø i fjellet gjer at det er stor fare for øydeleggjande vårflaumar i alle landsdelar. NVE bed kommunane førebu seg.
– Vi snakkar om ein type vårflaum som kan gjere skade på infrastruktur og anna, seier Inger Karin Engen. Ho er hydrolog i Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) og jobbar med flaumvarsling.

I ein ny rapport som blir offentleg tysdag varslar NVE at faren for flaum på oransje nivå er stor i dei alle fleste vassdraga i Noreg.
Oransje nivå er det nest høgaste varslingsnivået til NVE og gjeld for flaumar som kan gje alvorlege skader.
– Det er i nord at sjansen er størst for skadeleg vårflaum, seier Engen.
NVE har rekna ut at risikoen for stor vårflaum i Nord-Noreg er på over 90 prosent.
Men også i resten av landet er faren langt større enn normalt.
– Vanlegvis reknar vi sjansen for ein flaum på oransje nivå til rundt 20 prosent. I år er sjansen for ein slik flaum på over 50 prosent i dei fleste elvene som kjem frå indre strok.
Mykje snø i fjellet
På Storåsen ved Sjusjøen måler Ellen Hagen snødjupna på oppdrag frå NVE. Ho er ei av mange i eit stor nettverk av lokale observatørar som rapporterer inn til direktoratet.
Ho fortel at det er vanleg med mykje snø i fjellet her, men at vinteren i år likevel skil seg ut:
– Djupna i år ligg litt over gjennomsnittet, men mengda vatn i snøen er rekordhøg.
https://www.nrk.no/innlandet/fare-fo...det-1.14960717

Kommentér