Milrab - gears you there

Kunngjøring

Collapse
No announcement yet.

Forsvarets veterantjeneste (FVT)

Collapse
X
 
  • Filter
  • Tid
  • Show
Clear All
new posts

    #31
    Forsvarets veterantjeneste (FVT)

    Under Forsvarets veterantjeneste (FVT) sorterer Forsvarets veteransenter på Bæreia ved Kongsvinger, som omtalt tidligere på denne tråden.

    https://forsvaret.no/veteransenteret finner vi blant annet følgende informasjon:

    Opprinnelig skrevet av Forsvaret
    Senteret har blant anna eit fullt utstyrt treningsrom, basseng, syklar, ski, leikerom for born og dessutan spel- og filmrom. Med plassering ved det idylliske Bæreiavannet er det gode høve for ulike aktivitetar både på land og vatn. Gjestar på veteransenteret kan låne turutstyr, kajakk og kano. Besøkande kan òg nytte seg av tilbod frå fleire lokale aktørar som den lokale golfklubben, bowlinghallen, ridesenteret og jeger- og fiskarsamskipnaden.

    Veteransenteret har to aktivitetsoffiserar som set saman eit personleg opplegg for besøkande som ønskjer det.

    Veteranar og familiane deira kan nytte senteret både før, under og etter utanlandsteneste, og her blir dei blant anna tilbode:

    - Aktivitetar for stabar og avdelingar i Forsvaret før dei reiser ut.
    - Gratis opphald for familiemedlemmar til ein som tenestegjer i internasjonale operasjonar. Senteret kan òg brukast under permisjon frå utanlandsteneste.
    - Gjensynstreff for avdelingar​. Senteret hjelper med å skaffe kontaktinformasjon på personell frå ulike kontingentar og misjonar, utsending av invitasjonar, planlegging og gjennomføring av ulike aktivitetar. Ta kontakt i god tid for å bestille plass.

    Veteransenterets kjøkken lagar dei deiligaste rettene, og serverer fire måltid kvar dag som er inkludert i opphaldet. Det er òg mogleg å handle kioskvarer i resepsjonen.

    Ein eigen mini-kennel med oppvarma hundehus kan nyttast etter nærare avtale. Husdyr er ikkje tillate, med unntak av førarhund.

    Hit kan alle Forsvarets veteraner kome, uansett når og kor dei tenestegjorde.​
    Last edited by Rittmester; DTG 052256A Aug 19, .
    Those who beat their swords into plowshares will plow for those who don't.

    Kommentér

    Annonse i emne

    Collapse

    Donasjoner

    Collapse
    Working...
    X