Globalt toppbanner

Collapse

Kunngjøring

Collapse
No announcement yet.

Førstegangsteneste i Marinen 1983-1984.

Collapse
X
 
  • Filter
  • Tid
  • Show
Clear All
new posts

  • Førstegangsteneste i Marinen 1983-1984.

    26 september 1983 var det ein spent ung mann som gjekk ombord nattbåten til Bergen. Han hadde fått ordre om å melde seg til teneste på Håkonsvern 27 september. Lite viste han kva den ferda ville bringe med seg av opplevingar. Ikkje berre det kommande året, men mange år seinare og.

    Vil først ta dokke litt tilbake i tida. Dette var mens den kalde krigen var på sitt kaldaste, dei fleste frykta den store bjørnen i aust som då hette Sovjetunionen. I Norge var det Kong Olav 5 som regjerte med Kåre Willoch . I USA var det Ronald Reagen, i Storbritannia var det Margaret Thatcher, i Sovjetunionen var det Juri Andropov. Tyskland var delt i 2, Vest Tyskland og Aust Tyskland. Europa var og delt i 2, Natolanda på den eine sida og Warszawapakta på den andre. Land som Polen, Ungarn, Aust Tyskland var rekna som fiendeland.

    Forsvaret i Norge var då eit invasjonsforsvar, dei aller fleste menn hadde førstegangsteneste. Og etter den var ein mobiliseringspliktig. Sjøforsvaret besto av Marinen og Kystartilleriet, desse hadde eigne rekruttskular. Marinen var av ein slik størrelse at det er utenkeleg i dag. Vi hadde 20 stk Stormklasse MTB, 6 stk Snøggklasse MTB og 14 stk Haukklasse MTB. Vi hadde 5 Osloklasse fregattar og 2 Sleipnerklasse korvetter. Og sist men ikkje minst, 15 Kobbenklasse ubåtar. I tillegg var det sjølvsagt hjelpefartøy, men har berre tatt med kampfartøya. Og vi må heller ikkje gløyme Kystvakta. Marinen hadde 2 basar Olavsvern i nord og Håkonsvern i sør.

    Tilbake til denne unge mannen som de sikkert forstår var den unge versjonen av Magskor. Han møtte som beordra på Håkonsvern om kvelden 27 september. Var plassert i eit stort rom i øverste etasje i det som då gjekk under basen på Håkonsvern. Den kjem vi tilbake til seinare.
    Neste morgon vart alle som møtte på Håkonsvern plassert i bussar som gjekk sørover til Madla utan for Stavanger. Madla, betre kjent som KNM Harald Hårfagre var rekruttskulen for marinen. Den 28 september 1983 møtte det litt over 1000 mann som skulle gjennom rekruttskulen. Det er ingen skrivefeil, vi var over 1000 mann og i det kullet ingen damer. Dette var det 4 kullet det året, og alle var sånn ca like store.
    KNM Harald Hårfagre var pr def eit fartøy, som husa rekruttskulen. Rekruttskulen var på 7 veker, der første veka var innrykksveke. Den veka gjekk til å få uniform, legeskjekk, bli plassert i lugarer, lære å brette kle osv. Vi vart delt inn i to hovudlag, dronningen og kongens kvarter. Og alle på kongens kvarter jubla når vi fekk vite at vi hadde første helga som perm. Eg og ein kamerat hadde vore smarte utan å vite det, vi bestilte oss eit rom på eit hotell i Stavanger sentrum. Alle som reiste heim eller til ei anna adresse fekk reise, men dei som hadde belaga seg på å bu på KNM HH slapp ikkje ut av leiren. Dette på grunn av at vi hadde uniformsplikt og vi hadde ikkje lært å gå i uniform enda.
    Apropos uniform, vi hadde ikkje antydning til grønn uniform.
    I leiren var det helseplikt på alt befal, frå blodkvart og oppover. Blodkvart var Kvartermester som sjølv var i førstegangsteneste, dei hadde ei rød stripe i staden for den vanlege (på den tida) gule som regulere kvartermestrarar hadde.
    Rekruttskulen besto av å lære grunnleggande ferdigheiter, der i blant skyting, marsjering, litt (veldig lite) feltøvingar, gassøving osv. Våpenet vi hadde var AG3 med innskyvbar kolbe. Før vi skulle på skytebana for første gang hadde vi teori og vart gjenntatte gangar advart om at vi måtte passe oss for rekylen. For den var farleg. På første skyting skulle vi skyte med blåplast, det var ein ammunisjon som var svakare lada og som hadde plasthylse og plastpatron. Som bondegut var eg vant med våpen og hadde skutt med mauser jaktrifle fleire gangar. La meg ned på skytebana skaut etter ordre. Held våpenet slik eg brukte å halde mauseren og etter avtrekk begynte eg å lure, hadde våpenet gått av, eg kjente ingen rekyl. Som alle andre som har skutt med AG3 veit, held du våpenet slik du skal er det lite rekyl.
    Kvar fredag hadde vi konkurranse i marsjering, den var veldig prestisjefult for troppsbefalet. Musikktroppen hadde ein stor fordel så dei vant alltid. Den troppa eg var i kom veldig ofte på siste plass. til befalet sin store frustasjon.
    Kvar morgon var det vekking med at eit befal kom inn på rommet og ropte "beina på dørken om 5 minutt" og innan dei 5 minutta så skulle ein vare på beina. Så var det sengestrekk, vask og inspeksjon. Så var det morgonoppstilling med ny inspeksjon. Nåde den som ikkje stilte likt med alle andre. Så var det dagens teneste som varierte. Med jamne mellomrom hadde vi vaktteneste der vi patruljerte leiren og område som var rundt. I løpet av den siste veka kom det oppslag der det sto kvar kvar enkelt skulle tenestegjere seinare, vi hadde fått sette opp ønske, men det var marinen sitt behov som styrte. På ei liste var det 3 namn, det var den kortaste lista av alle. Mitt namn sto på den lista, vi skulle på ein plass som hette Knappen. Det var på Håkonsvern ein plass. Ingen av oss hadde høyrt om Kappen før og heller ikkje befalet vårt, så vi var veldig spent på kva dette var for noko.
    Ein av dei siste dagane på rekruttskulen stilte alle mann opp, og avla ein ed. For Konge fedreland og flaggets heder.
    Når rekruttskulen var ferdig vart all som skulle til Bergen plassert ombord i ein båt som eg ikkje hugsar namnet på. Så bar det heim på overflyttingsperm. Neste kapittel blir på Håkonsvern.

  • #2
    Sannsynligvis skoleskipet Gann.
    https://www.gann.no/om-oss/historie

    Seilte med etterfølgeren (også kalt Gann) fra Stavanger til Bergen når vi ble sendt nordover fra KNMHH til HOS i 2010.

    Veldig interessant lesning! Spennende å se hvordan ting ble gjort før, hva som har endret seg, og hva som fremdeles er (var?) ganske likt 30-40 år senere.

    Kommentér


    • #3
      Stemme, det var Gann.

      Kommentér


      • #4
        Etter overflytningsperm var det tilbake til Håkonsvern. Fleire her som er godt kjent på Håkonsvern, men trur eg skal beskrive litt forskjellen mellom i dag og den tid. Befalsforlegninga Briggen var ikkje bygt, og all forlegning var innanfor porten. Når ein kjem inn porten så ligg Fregatten til venstre, det var i den tid hovudbefalsforlegning. Tordenskjold er omtrent slik som i dag, men det var kun brukt som eit skulesenter. All undervising foregjekk der, og det var elevar på dei forskjellige kursa som brukte forlegninga der. Og det var dei som brukte å ete i Sjaluppen. Sjukestua og brannstasjon var som no, det var og velferdsbygget, men det var fast kinoframvising enkelte dagar i veka. Når ein passerte velferdsbygget kom ein til eit postkontor, og eit reisebyrå.
        Nede på kaia er mykje som før, men det er ein del nye bygg sjølvsagt. Der var det og eit reisekontor, det var der vi gjekk for å skrive reiserekning, noko som var eit kapittel for seg. Med litt planlegging vart det dyrare å sende meg heim frå Bergen på perm enn å sende meg heim frå Tromsø.
        Så kom vi til baseområdet, det var opp til høgre når ein var på kaiområdet. Der var det fire bygg med ein oppstillingsplass i midten. Det første bygget var for faste mannskap på Håkonsvern, neste bygg var ubåtkaserne, Kobbenklassen var så liten at mannskapa sov i kaserne når dei låg ved kai. Så eit bygg som eg heilt ærleg ikkje hugsa heilt kva det var forlegning for. Men veit at av og til budde det folk som skulle på marinejegeropptak. Og så var det ei messe med eige kjøkken. På den tida så vart det rekna som det beste kjøkkenet på Håkonsvern. Viss ein følgjer vegen vidare så kom ein til Korvetten, det var kvartermesterforlegning. I dag er det eit kontorbygg, blant anna har SanSjø kontor der.
        Vi vart forelagt i 6 manns lugarar, men det var sjeldan alle 6 var der. Dei som kom frå Bergen benytta kvar anledning dei hadde til å reise heim.
        Så var det vi 3 som skulle på denne plassen ingen viste kva var. På første kvelden fekk vi vite litt av andre meinige som var på den plassen. Vi skulle på Knappen missilverkstad, og vi skulle skru på Pingvin. Rett etter frukost bar det ned på kaia der ein skyssbåt venta, og så over fjorden til Knappen. Der hadde marinen eit missillager og verkstad. I tillegg var det mykje anna lagra i fjellet der, men det har lite med dette å gjere.

        Når vi kom til Knappen fekk vi ordre om å ta av oss uniform og på med kjeledress, dette var for å unngå statisk elektrisitet. Vår jobb var rett og slett å skru på Pingvin missil. Vi menige hadde kvar si veke der vi hadde kjøkkenteneste, for vi hadde lunch der. Og det var vår jobb å ta med det vi trengte frå kjøkkenet på basen. Vi fekk beskjed om at vi måtte inngå i den vanlege vaktstyrken som var på baseområdet, men vi hadde ikkje lov til å gå vakter etter midnatt. Vi skulle arbeide med sprengstoff og måtte ha god nattesøvn. Dette var eit evig konfliktområde mellom oss og leiinga på basen.
        Styrken på Knappen besto av ein del offiserar og nokre få matrosar i tillegg til oss menige. Alle brukte sivile kle bortsett frå dei som hadde reine adminstrative stillingar. For å komme til Knappen kunne ein ta skyssbåten som vi gjorde eller ta ein buss frå Bergen som gjekk til porten på Knappen, i dei andre hallane jobba det mange sivile og dei reiste den vegen.

        Det kjem meir.

        Kommentér


        • #5
          Artig å lese hva som er forandret (og ikke) på Haakonsvern.
          For øvrig tok vi daværende Flaggruten (hurtigbåt) fra Stavanger til Bergen den gang jeg reiste fra KNM HH til Haakonsvern i 2008, mulig Gann ikke var tilgjengelig.
          Last edited by Kystvaktmann; DTG 111804 Sep 20, . Begrunnelse: Staveleif.

          Kommentér


          • #6
            Som nemnt tidlegare så hadde vi på Knappen ikkje lov til å gå vakter etter kl 12 midnatt. Dette på grunn av arbeidets art, vi jobba med sprengstoff. Dette var eit stort problem for sersjantkontoret. Først ei lita forklaring vår sersjant var ikkje det som ein i hæren kallar sersjant. Sersjanten var den offiseren som hadde hovudansvaret for drift av basen, og han hadde rang av løytnant viss eg ikkje hugsa feil. På kontoret var det nokre få befal og menige. Problemet deira med at vi ikkje hadde lov til å gå vakter etter midnatt var at til tider var det knappenfolk som var hovudstyrken på basen. Så dei hadde i grunn ikkje noko val, dei måtte av og til bruke oss etter midnatt og i periodar var det litt mykje slik bruk. Vår ordre når slik skjedde var at vi skulle gå tl sengs og ikkje komme på Knappen. Vi skulle og sende med våre medsoldater ein kopi av vaktlista til leiinga på Knappen som då sende ei klage til sersjantkontoret. Noko vi og hadde fått beskjed om var å prøve å halde oss litt skjult, for viss ikkje kunne sersjantkontoret sette oss til tilfeldig arbeid, og det var vi jo ikkje interessert i.
            Noko ein må hugse på er at på den tida så var det ikkje noko kamp om å få tenestegjere, det var vel heller omvendt. Når neste kull kom til Knappen kom det ein austlending, trur nok hans problem var at han ikkje ville vere der i det heile. Men han var jo plassert på Knappen og han var tilfeldigvis og på min lugar så eg fekk som oppdrag å ta meg av han den første tida. Han satt oppe heile nettene, noko som slett ikkje var bra når ein tenke på kva teneste han skulle ha. Vi snakka med befalet og dei bestemt at han kunne prøve seg med kjøkkenteneste for de kunne han jo ikkje gjere noko gale. Men mannen kunne (eller ville ikkje) koke vatn til kaffi ein gang. Det endte med at han etter 14 dagar var dimmetert som midletidig tenesteudyktig.
            Borte på Knappen skjedde det ikkje så mykje, der gjekk dagane stort sett med på å skru på Pingvin, av og til hadde vi lossing og lasting av rakketer ombord i MTB eller fregatt. Med jamne mellomrom var det øving i kuppalarm. Desse øvingane skulle vi i utgangspunktet ikkje vite om på førehand, men vi vart alltid tipsa på førehand for dei dagane fekk vi ikkje lov til å ha ærend på Håkonsvern, tannlege eller andre ting. Grunne til det var at viss vi ikkje rakk morgonbåten måtte vi vere på Håkonsvern heile dagen. Og ved kuppalarm ville vi få ein AG i handa og bli plassert som vakt ein eller annan plass. Og som befalet på Knappen sa, går det kuppalarm er vår jobb å gjere klar Pingvin til marinen så dei hadde nye forsyning når dei hadde brukt opp det dei hadde. Vi vart og fortalt at skulle det bli alvor måtte vi rekne med å jobbe døgnet rundt så lenge som mogleg. Og at vi måtte rekne med at vi var eit viktig mål for fienden.
            Men ein dag skjedde det noko som fekk mange av oss til å gå i dekning. Eg og ein matros skulle bort på Håkonvern sida for å hente noko. For å komme der skulle vi køyre og siste del av turen sjekk forbi torpedoverkstaden. Vi var heldigvis litt forseinka så når vi var ute på kaia for å gjere oss klare høyrde vi ein eksplosjon. Eg og matrosen låg langflate på kaia før smellen var ferdig. Vi såg oss forsiktig rundt, men fant fort ut at det ikkje var oss det hadde smelt. Så vi sette oss i bilen og køyrde. Når vi kom til torpedoverkstaden fekk vi forklaringa. Dei skulle filme kor fort torpedodrivstoff brant og hadde hatt det opp i ei sinkbøtte og sett fyr på. Problemet er at det heile hadde eksplodert, botnen på sinkbøtta var pressa 10 cm ned i asfalten. Kva etterspel dette fekk veit eg ikkje.
            Når vi hadde vakt på basen var flagget ei av vore oppgåver å passe på. Dei som er kjent på Håkonsvern har sett den flaggstanga som er på toppen av fjellet omtrent midt på Håkonsvern. I dag er det eit flagg med anker der som heng oppe døgnet rundt. I mi tid var det Orlogsflagget som hang der og det skulle både opp og ned til rett tid. Størrelsen på flagget varierte med kva dag det var, etter større høgtid jo større flagg. Problemet var at dette flagget var lett å gløyme, spesielt når det skulle ned. Og det var rett som det var det kom ein telefon frå MP kontoret der ein sint MP minte oss på at flagget skulle ned. Då var det å sette fart å springe opp på fjellet og få det ned. Ein gang gjekk det så langt at eg vart truga med refsing. Men heldigvis vart det ikkje noko av, i tilfelle måtte eg fått anna teneste, det var eit krav for å vere på Knappen at ein ikkje hadde refs.
            Sånn rett etter 17 mai kom det ein kar til basen, han skulle vere der over helga og han var under arrest. Han skulle i kasjotten på mandagen. Han hadde hadde vore på minesveipar og hadde flåtebesøk i Vest Tyskland. Men som bergensar så ville han heim til Bergen på 17 mai så han stakk av og reiste heim via landevegen. Han brukte vernepliktboka som pass og kom seg heim til Bergen. Der han vart henta av MPen. Dette var eit anna eksempel på at tenesta ikkje var heilt frivillig for alle, dessverre var det enkelte som tok i bruk verre virkemiddel. Det var minst eit sjølvmord den tida eg var på Håkonsvern.
            Men generelt sagt så hadde vi ei fin teneste, men likevel eg ville sjå litt meir av Norge enn berre Bergen så eg søkte meg til avdelinga i Tromsø, Olavsvern. Meir om det seinare.

            Kommentér


            • #7
              Før eg begynne på dagens forteljing så litt om situasjonen. I marinen og luftforsvaret var det på den tida 15 månader førstegangsteneste, mens hæren, luftartilleriet og kystartilleriet hadde 12 månaders førstegangsteneste. På grunn av lenger tenestetid vart det sagt at vi ikkje få sleppe rep og HV, noko som seinare viste seg å ikkje stemme.

              Som nemnt i sist innlegg hadde eg søkt meg til Olavsvern, og eg vart plukka ut som ein av dei heldige til å få reise der. Så ein morgon tok eg farvel med Knappen og vart køyrt til den militære terminalen på Flesland. Den terminalen besto berre av ei brakke eit stykke i frå den sivile terminalen. Av alle tilfeldigheiter så traff eg ein kjenning frå heimområdet mitt på terminalen, vi hadde og vore på rekruttskulen samtidig. Det var eg litt glad for sidan eg ikkje hadde aning om kvar Olavsvern var i forhold til flyplassen i Tromsø. Dette hadde eg og nemnt for befalet på Knappen og dei hadde sagt dei ville prøve å skaffe meg transport. Noko kameraten min meinte eg berre kunne gløyme, menige vart aldri henta viss det ikkje var mange som kom samtidig. Vi var heldig det var eit sivilt chartra SAS fly som tok oss nordover. Vi mellomlanda på Bardufoss før vi kom til Tromsø. Det viste seg at vi var ein 7-8 stykke på flyet som skulle til Olavsvern. På flyplassen i Tromsø møtte vi postbilen som skulle til Olavsvern. Alle som kjente han storma til han får å høyre om dei kunne få sitte på. Han kunne då fortelje at han venta på nokon og dei måtte spørje han om det var greit for han. Eg tok ein rå sjans og spurte om det var meg han venta på, noko det var. Og sjølvsagt var det greit for meg at resten og fekk sitte på. Vil påstå at det stuntet brakte meg rett inn i gjengen på Olavsvern.
              Missil avdelinga på Olavsvern var litt spesiell, vi hadde ein løytnant som var sjef, ein kapteinløytnant som Nk, og så var det ein blodkvart. Og mannskapstyrken var på heile to mann. For å gjere det enda meir spesielt var at viss løytnanten var vekke noko han var ofte og vi hadde lasting eller lossing av pingvin så var eg menig sjef, kapteinløytnanten fortsatt Nk og så vidare.
              Olavsvern orlogstasjon var på den tida ein viktig, men liten marinebase ikkje så langt i frå Tromsø. Den besto av ein ytre leir som inneheld kasserne, velferdsbygg, diverse kontorbygg,MB kontor og sjølvsagt ein port inn i leiren. Så hadde vi indre leir, der var det ein ny port som ein måtte igjennom. Der var det kaianlegg, og eit fjellanlegg. I fjellanlegget var det diverse lager og ei stor dokk der MTB og ubåtar kunne ligge inne i fjellet. Og sjølvsagt eit missilverkstad og lager. Vi skrudde ikkje fult så mykje på missil på Olavsvern som vi gjorde på Knappen. Men det var ei meir variert teneste. Meir om det kjem ein annan gang.

              Kommentér

              Donasjoner

              Collapse
              Working...
              X