Milrab - gears you there

Kunngjøring

Collapse
No announcement yet.

Nordfjordeid militær ekserserplass sidan 1628.

Collapse
X
 
  • Filter
  • Tid
  • Show
Clear All
new posts

  • Nordfjordeid militær ekserserplass sidan 1628.

    I 1628 vart det lagt ein militær eksersisplass i plassen Nordfjordeid, på den tid var det ikkje noko anna ein fleire gardsbruk i området. På denne plassen som i dag går under namnet Plassen eller Malkov har det sidan blitt øvd soldatar. På dei største øvelsane kunne det vere over 1500 soldatar som øvde på same tid. Det vart aldri bygd opp nokon brakker (bortsett frå når Tyskland okkuperte Norge) så soldatane budde heime hos folk som hadde eit ekstra rom. På grunn av den store militære aktiviteten vart det eit lite senter rundt ekserserplassen, som hadde det militære som kundar. I tettstaden som vaks opp var det både børsemakar og bakeri. Det seiast at kvinner på Nordfjordeid fekk penger mellom hendene tidlegare enn mange andre plassar i Norge på grunn av at dei hadde vaske jobbar for soldatane.
    I dag er dette ein tettstad med ca 3000 innbyggarar, og det er fortsatt militær aktivitet i bygda, men ikkje så stor. På 70 tallet gjorde kommunen og forsvaret eit bytte, kommunen bygde ei kasserne for forsvaret og bygda fekk overta den gamle ekserserplassen. Firda Kasserne som er namnet på kasserna er i dag i bruk for HV 11. Det var ein periode snakk om å legge ned kasserna, men no er det blitt bestemt at den skal fortsatt brukast. Den gamle ekserserplassen blir brukt som park, museum, konsertarena og HV har slutta orden der.

Annonse i emne

Collapse

Donasjoner

Collapse
Working...
X