Milrab - gears you there

Kunngjøring

Collapse
No announcement yet.

Kamp om å få behalde ambulansebåten.

Collapse
X
 
  • Filter
  • Tid
  • Show
Clear All
new posts

  • Kamp om å få behalde ambulansebåten.

    I morgon skal styret i Helse Førde avgjere plassering av ambulanse og ambulansebåt i den sørlege delen av Sogn og Fjordane.
    https://www.nrk.no/sognogfjordane/fr...aus-1.12998256
    https://www.nrk.no/sognogfjordane/fr...nse-1.13232225

    Nokre av argumenta for fortsatt ambulansebåt i Askvoll er at båten blir brukt av brannvesen, politi, kommunalt helsevesen, e-verk osv. Men er det rett å kreve at eit helse foretak skal betale for at kommunen skal ha ein båt i beredskap?
    Eit anna argument er at det vil ta lenger tid før ambulansen er framme hos pasienten, noko som vil stemme for den eine øya. Men samtidig har kommunen flytta legevakta si til Førde som ligg ein time køyring frå kommunesenteret.

    Samtidig blir det argumentert med at bilambulansen no blir flyta langt vekk, 20 min ved vanleg køyring.

    Blir berre litt frustrert.

  • #2
    Sv: Kamp om å få behalde ambulansebåten.

    Det første jeg tenker er at det er uetisk å la politiet benytte en ambulansebåt til politioppdrag..
    Men jeg kan forstå at det er bekymringsfullt for befolkningen å miste en slik ressurs som en ambulansebåt er.
    Er det slik å forstå at ambulansebåten er en kommunal ressurs?
    What happens in the garage, stays in the garage

    Kommentér


    • #3
      Sv: Kamp om å få behalde ambulansebåten.

      Opprinnelig skrevet av 84mm Vis post
      Det første jeg tenker er at det er uetisk å la politiet benytte en ambulansebåt til politioppdrag..
      Men jeg kan forstå at det er bekymringsfullt for befolkningen å miste en slik ressurs som en ambulansebåt er.
      Er det slik å forstå at ambulansebåten er en kommunal ressurs?
      Er forsåvidt einig i den etiske vurderinga, men det foreligg ein instruks som seie at politiet kan bruke helseressursar viss det er nød. https://helsedirektoratet.no/Lists/P...eressurser.pdf

      Eg og forstår bekymringa, men til tider går det over alle støvleskaft.

      Nei, ambulansebåten er Helse Førde sin ressurs, og kommunen betalar for bruk, men ikkje for beredskap.

      Kommentér


      • #4
        Sv: Kamp om å få behalde ambulansebåten.

        I Sunnhordland har vi Rygerstril.

        Den ser ut til å være eid av et privat rederi, Rødne.

        http://www.rodne.no/om-oss/bater/rygerstril/

        Uvisst om Helse Fonna har alle utgifter med den, eller hvordan den er finansiert.

        Sent fra min E5603 via Tapatalk
        Odd objects attract fire. You are odd.

        Kommentér


        • #5
          Sv: Kamp om å få behalde ambulansebåten.

          Innleid tjeneste kanskje?
          What happens in the garage, stays in the garage

          Kommentér


          • #6
            Sv: Kamp om å få behalde ambulansebåten.

            Så vidt eg veit er alle ambulansebåtar eigde av forskjellige rederi og helse foretaka leige båtane med mannskap på tidsbestemte kontrakter. Blant anna har redningsselskapet fleire ambulansebåtar på Helgeland. Men det er helse foretaka som har ansatt ambulansearbeidaren ombord.

            Kommentér


            • #7
              Sv: Kamp om å få behalde ambulansebåten.

              Tror det er en grei løsning at helseforetakene driver med helse og rederi med rederi ting, båter og mannskap krever sitt av oppfølging.
              Trenger bare litt flaks, så går det godt

              Kommentér


              • #8
                Sv: Kamp om å få behalde ambulansebåten.

                Da er nok dette en tjeneste HF'et kjøper og betaler for.. samt bemanner med helsepersonell/ambulansearbeider.
                Har en lignende sak gående her i Østfold.. http://www.f-b.no/fredrikstad/sykehu.../s/5-59-591634
                En akuttbil som er bemannet med en anestesispl er foreslått lagt ned. Ene og alene pga penger. Nå skal det sies at kompetansen gennerelt sett er bra blandt amb.personell i Østfold så jeg tror nok ikke at det kommer til å koste liv og helse.. som artikkelforfatteren antyder..
                Men det er klaret at her i mitt AO så har vi tilgang på legebil/Seaking, luftambulanse etc så vi står ikke på bar bakke dersom det skulle brenne på dass..
                What happens in the garage, stays in the garage

                Kommentér


                • #9
                  Sv: Kamp om å få behalde ambulansebåten.

                  No har styret i HF bestemt at det blir ein ambulansebåt, det vil sei den det var snakk om å legge ned, blir nedlagt. Fekk med meg litt av styret si behandling av saka. Og som eine styremedlemet sa, denne delen av landet har kanskje verdas beste luftambulansedekning. Det er luftambulanse i Førde og i Bergen som begge er innanfor 25 min, og det er redningshelikopter i Florø. For tida Sea King, men frå neste år ein privat operatør fram til ca 2020 då får ein det nye redningshelikopteret til Florø. Og skulle det røyne på så er det heller ikkje langt til Ålesund.

                  Kommentér


                  • #10
                    Sv: Kamp om å få behalde ambulansebåten.

                    Bare et lite innspill:

                    Helseforetakene leier inn ambulansebåtene. På Helgeland leier de kun inn ambulansebåtene på prekære hasteoppdrag hvor liv står på spill. Dersom det ikke er helt akutt leier de inn annen skyss, gjerne i form av skyssbåter eller bruker hurtigbåter/ferjer på grunn av kostnadene med å bruke båt.

                    Helgelandskysten består av ekstremt mye øyer og folk skal jo absolutt bo ytterst ute på den nagne ø.

                    Kommentér


                    • #11
                      Sv: Kamp om å få behalde ambulansebåten.

                      Bak betalingsmur er noko av krangelen sitert.

                      http://www.firda.no/nyheiter/politik.../s/5-15-316999
                      No kranglar dei vilt om ambulansebåten

                      NYHEITER POLITIKK ASKVOLL HELSE FØRDE
                      Av HELGE JOHNSEN og CECILIE BRENDEHAUG RYSJEDAL
                      Publisert:21. november 2016, kl. 15:57
                      ASKVOLL: Harry Mowatt hevdar at Frida Melvær bløffar og er ute etter stemmer. Melvær: «Arrogansen og kynismen din uroar meg»



                      Vindmålaren gjekk til storm i debatten mellom styremedlem Harry Mowatt i Helse Førde og øyfolket og ordføraren i Askvoll, etter helseføretakets vedtak om å legge ned den lokale ambulansebåten og erstatte den med ein toppmoderne båt stasjonert i Solund. Utspelet frå bulandsskipper Tore Hillersøy laurdag, der han kravde at helsetoppane skulle bli med på båttur ved Bulandet i dårleg vêr, fekk styremedlemen til å kaste seg over tastaturet i Firdas kommentarfelt:

                      – Som vanleg, Tore, så er du stor i kjeften. Og som vanleg har du heller ikkje kontroll på det du uttalar deg om, skreiv Mowatt, og fyrte deretter laus mot både Hillersøy og ordførar Frida Melvær (H):

                      – Både du og Frida spreier ugrunna frykt blant øybuarane i Askvoll. Sjølv om båten blir plassert i Solund, vil tenesta vere på plass for øybuarane i Askvoll om lag like fort som før. Eg har null respekt for måten de opptrer på.

                      – Simpelt

                      Tore Hillersøy svarar dette på kritikken frå Mowatt:

                      – Eg har i alle fall null respekt for måten han opptrer på. Eg synest det er simpelt å gå på person og ikkje halde seg til saka. Ei slik sjikanering seier meir om han enn om oss i alle fall. Eg har rekna Mowatt som ein skapleg og skikkeleg person, men no er det begynt å svinne hen, seier Hillersøy og legg til:

                      – Eg trur ikkje Helse Førde forstår alvoret i det dei har vedteke. Ein skulle tru at vi som bur her ute veit meir om forholda enn dei, men dei framstille oss som om vi ikkje veit noko slag, og det finn eg meg ikkje i.

                      Les også: Ambulansebåten forsvinn - øyfolket er uroa for tryggleiken

                      Stemmejakt?

                      – Frida treng sjølvsagt alle dei stemmer ho kan sanke til hausten, skreiv Mowatt, og la til:

                      – Slik Høgre har oppført seg i regjering, der demontering av Distrikts-Norge har vore jobb nummer ein, to og tre, treng ho sjølvsagt ei slik sak for å sanke nokre høgrestemmer i Askvoll. Det kan jo hende at det framleis finst nokon som let seg lure av billeg retorikk, skreiv styremedlemen, som sjølv har fortid som både fylkespolitikar og ordførar for Ap.

                      Dermed rann det inn med iltre kommentarar frå provoserte kystfolk: «For eit arrogant innlegg». «Nedlatande». «Er det dette Helse Førde sitt styre står for?» – før også Melvær svara tilbake:

                      – Denne saka skriv seg tilbake til før den sitjande regjeringa tok over. Du brukar posisjonen i styret ditt til å gjere eit vedtak som set Askvoll i ein svært krevjande beredskapsmessig situasjon, medan du skjuler deg bak at det er regjeringa som legg føringane.

                      Bløff – og sterkare ord

                      Mowatt: – Sorry, Frida, men no bløffar du, og det kan brukast sterkare ord. Ambulansetenesta var ikkje tema i 2011 og 2012. Då hadde vi evig nok med å få på plass omstrukturering av lokalsjukehus. No må vi gå gjennom ambulansetenestene i heile fylket, fordi det er titals millionar kroner i gap mellom det dagens teneste kostar, og det rammeløyvinga gir oss å betale med.

                      Melvær: – Dette blir berre trist, Harry. Arrogansen og kynismen din uroar meg. Om du ønskjer å bruke denne saka for å fremje eige parti og slå beina under meg politisk, så er det i seg sjølv alvorleg, og seier mykje om dømmekrafta di.

                      Mowatt: – No tullar du fælt, Frida. Grunnen er kort og godt at vi ikkje kan ha to båtar til mange millionar kroner som kvar for seg har mindre enn eitt oppdrag per dag, og der mange av oppdraga er transportoppdrag. Dei tidskritiske oppdraga tek luftambulansen seg av i ni av ti tilfelle.

                      Melvær: – Då veit vi kor vi har deg, Harry. Du er no ærleg, det skal du ha.

                      Les også: – Vi kavar for livet her ute. No vil dei ta siste livsnerven

                      Litt spontant ...

                      Då føretaksstyret gjorde nedleggingsvedtaket sitt sist fredag, ønskte Harry Mowatt ikkje å la seg intervjue om saka. No seier han at det kanskje var litt spontant å svare på utspelet Tore Hillersøy kom med.

                      – Men dei spreier ugrunna frykt, seier Mowatt til Firda.

                      – Angrar du på reaksjonsmåten din?

                      – Nei. Men eg kunne like gjerne late vere, for det kom ingen ting ut av det.

                      Frida Melvær seier ho tykkjer Mowatt fullstendig manglar forståing for situasjonen Askvoll no er sett i.

                      – Det hadde gjort seg med ei litt meir audmjuk haldning, seier ho.

                      – Men kva anna skal Helse Førde kutte i, om pengane frå regjeringa ikkje strekk til? Kreftbehandling, barnemedisin, psykiatri, rus?

                      – Dette er det helseføretakets jobb å finne ut av. Men ambulansane er sjølve grunnmuren i spesialisthelsetenesta. Argumentet hans heng uansett ikkje i hop, for i dette tilfellet sparar dei ikkje pengar.



                      Personleg vil eg påstå at begge partar er litt usaklege.
                      Frå Helse Førde burde prosessen starta mykje tidlegar. Dei burde ha hatt folkemøter og vist seg i området meir.

                      Fra Askvoll kommune og øyburane der. Askvoll kommune veit at Helse Førde har vore på synfaring i området, men legg det fram som det er nokre byråkratar i innlandet som sete med linjal og penn for å rekne på fart. Det blir påstått at Helse Førde trur at ny ambulansebåt kan gå i 35knop uansett vær, enda det på styrmøtet vart spesifisert at i skikkeleg styggevær måtte ein sette farten ned dramatisk.

                      Kommentér


                      • #12
                        Sv: Kamp om å få behalde ambulansebåten.

                        Jeg synes fortsatt ikke det er spesielt underlig at det blir ufred i verden.
                        Those who beat their swords into plowshares will plow for those who don't.

                        Kommentér

                        Annonse i emne

                        Collapse

                        Donasjoner

                        Collapse
                        Working...
                        X