Google

Collapse

Kunngjøring

Collapse
No announcement yet.

Ny bok kjem snart. "Livvakt-på innsida av PST".

Collapse
X
 
  • Filter
  • Tid
  • Show
Clear All
new posts

  • Ny bok kjem snart. "Livvakt-på innsida av PST".

    Eg limer inn sidan dette kan ha interesse for fleire enn dei som abonnerer på Firda.

    NRK-journalisten Simon Solheim (30) frå Florø vart kontakta på e-post av ein redaktør i Samlaget, medan han var på ferie i Thailand hausten 2018. Dei lurte på om han hadde ein god idé til ein bok? Det hadde han ikkje.
    ​​
    – Nei, i utgangspunktet hadde eg ikkje noko god idé då Samlaget tok kontakt. I alle fall ikkje nokre idear eg rekna for å vere realistiske, vedgår han.

    Lite visste han då at han no skulle vente i spenning på at boka hans om livet på innsida av PST, blir sleppt.

    Men det er fleire ting 30-åringen frå Florø ventar i spenning på. For i slutten av august ventar han og kona hans Katrine Stokka Solheim sin førstefødde. Og vel ein månad seinare debuterer han som forfattar.

    – Jo, det blir stas det, først baby så bok på vel ein månad. Kan ikkje be om så mykje meir, seier han og ler.
    Foten i døra


    Vi spolar tilbake fem år.

    Det er haust i 2015 og valkamp. Simon Solheim jobbar no i Dagsrevyen som reporter. Han laga ei laurdagsrevy-reportasje om livvaktene i Politiets tryggingsteneste (PST). Dette er eit av dei mest lukka miljøa i landet, og slike miljø er som eit flugepapir for nysgjerrige journalistar som Simon Solheim.

    Tre år seinare, hausten 2018, når e-posten frå forlaget Simon Solheim under palmane i Thailand.

    Så sjølv om han i utgangspunktet rekna dette for urealistisk å kunne skrive bok om, så var det jo noko han fann interessant og spennande, så han slengde det fram for Samlaget.

    Samlaget var gira og PST var på glid. Etter kvart skulle Solheim og Samlaget starte ein prosess, og i løpet av dei to siste åra har Solheim jobba med sitt første bokprosjekt.
    Kom tett på


    Gjennom ein reportasje i Laurdagsrevyen vil ein berre kunne skrape litt i overflata, fortel han. Skal ein skrive bok, må ein tettare på. Det er naturlegvis utfordrande, då det er PST vi trass alt snakkar om.

    Men om ein har tillit, kan ein få innpass. Og over tid opparbeidde Solheim seg den forma for tillit i miljøet, som gjorde til at han kunne bli sikkerhetsklarert og fritt kunne fortelje historia om dei som har ansvaret for livet til toppolitikarane våre.

    – Det var nok ikkje noko ulempe at eg hadde vore i kontakt med dei i tidlegare prosjekt, seier Solheim.

    Han presenterte prosjektet for PST som lét han få vere med. Dei har også fått lese gjennom manus med tanke på gradert informasjon. Dette har vore i Solheim si eiga interesse. For detaljar som ikkje har noko å bety for innhaldet, men som PST meiner kan svekke deira sikkerheit, og dei som livvaktene beskyttar, ønskjer han ikkje å publisere.

    Utover det meiner han å ha hatt ei kritisk tilnærming og har full redaksjonell fridom i prosjektet frå start av.

    Han fekk til dømes innpass av statsminister Erna Solberg, som lot Solheim få vere med på hennar patrulje. Dette var ein føresetnad for Solheim, skulle han kunne gi eit riktig bilde av det å vere livvakt for samfunnstoppane våre.

    For det er i dag få norske politikarar som ikkje kan bevege seg utanfor døra, utan å ha væpna livvakter frå PST i hælane. Ein som skal skrive bok om miljøet, må også vere lojal til prosjektet. For alt han såg og opplevde, medan han følgde livvaktane i PST, kunne han ikkje rapportere direkte til desken i NRK, sjølv om det journalistiske instinktet ville det.

    I arbeidet med denne boka har Solheim kome tett på livvakta Svein Arne og kollegaene hans, ved at han har vore med på oppdrag i Norge og i utlandet. Eit unikt innblikk i noko som det er stor interesse for, men kor allmenta ikkje har, eller kan ha, innsyn.
    Å leve med livvakt 24/7


    Han har vore med og skildra kvardagen deira på jobb. Han er også tett på statsminister Erna Solberg der han mellom anna er med på offisielt oppdrag til Irak i tillegg til juleferie heime i Bergen. Simon trong ikkje vite kva Sindre skulle få til jul, for å kunne gi ut bok. Men han skulle kunne forstå korleis livvakter pregar dagleglivet.

    På spørsmål om kva han sit igjen med av hovudinntrykk etter dette prosjektet, så er det to ting.

    – For det første så er det kor stor inngriping i livet det må vere å ha ei livsvaktteneste rundt seg heile tida. Dei er der om du skal på butikken, om du skal grille med familien eller kva det enn skulle vere.

    – Kan du sjå på denne inngripinga i livet som ei svøpe til liks med den inngripinga det er i livet å sitte i fengsel?

    – Eg trur mange av dei som får livvakter synest det grip mykje inn i det private livet i starten. Men etter kvart så trur eg dei blir vande med det. Dei skal leve liva sine akkurat som før, og dei skal få gjere akkurat det dei vil, men livvaktene må berre vere med. Og så er det jo nokre praktiske sider ved det å ha ei livvaktteneste: Dei treng ikkje bry seg med parkering til dømes.

    – Korleis taklar Erna Solberg å ha livvakter rundt seg heile tida?

    – Eg trur Erna Solberg ikkje gjer vidare notis av det ho ikkje kan gjere noko med. Ho har også sagt ja til dette prosjektet, noko som seier at ho har forståing for at livvaktene gjer ein viktig jobb. Eg kan dessutan tenke meg at det presset ein statsminister står i, er større enn at ein har livvakter med seg heile tida, svarar han.
    Alltid på oppdrag


    Solheim skriv om historia til den moderne livsvakttenesta som starta like etter krigen. Dei gongane var det dei kongelege som hadde behov for vern etter at nazistane hadde kapitulert. I dag er det heilt andre truslar tenesta står overfor.

    Korleis dei trenar, korleis dei tenkjer, korleis dei førebur seg og kva som må til for å sikre livet til dei politiske leiarane våre, dette er tema som Solheim tek opp. Det er det andre inntrykket Solheim sit att med etter to år tett på.

    – Det er langt meir spennande enn eg hadde sett føre meg. Eg var med ei veke i Bagdad der dei jobba med førebuing fram til at statsministeren skulle inn og ut på ein dag. Sjølv om det kan sjå ut som at livvakter står og ventar på samfunnstoppane, så er det mykje meir enn det. Alt er eit oppdrag. Ein biltur til og frå kontoret er eit oppdrag. Og dei må sjekke evakueringsruter og ha kontroll på omgjevnadene til ei kvar tid. Dessutan trenar og øver dei mykje. Ikkje mindre enn 300–400 timar i året for å kunne takle krisa i det den måtte oppstå, seier han.

    – For kvar dag det går bra, kjem ein nærare dagen det ikkje går bra. Slik tenkjer livvaktene i PST og slik må dei tenke. Det er jobben deira, skriv Solheim.

    I løpet av dei to åra med arbeidet, har han hatt tre-fire månadar med permisjon frå NRK-jobben for å skrive.

    – Eg har brukt mykje fritid, helger og avspaseringsdagar på dette. Eg har ein del turnusfri på grunn av lange vakter på jobb.

    Debutboka til Solheim kjem ut på samlaget 9. oktober. Den har tittelen «Livvakt – på innsida av PST». Den blir ei bok på omlag 300 sider med bilde som Simon Solheim har teke sjølv gjennom prosjektet.

    – Har du fleire bokprosjekt på gang no, medan du er i flyten?

    – Det har vore veldig spennande å jobbe med, så eg ser ikkje bort i frå at eg vil gjere dette igjen. Men det er ganske altoppslukande å skrive bok. Eg har brukt all fritid på dette, kveldar, helger og feriedagar, så no er det nesten litt rart å ha fri, seier han.



    Han trur det er lurt med ein liten pause, før han eventuelt går i gang med eit liknande prosjekt. For no er det eit anna prosjekt han vil nytte tid på.

    – Eg skal jo bli far, eg har høyrt rykter om at det kan kreve sitt, avsluttar han.
    Last edited by magskor; DTG 031233 Jul 20, . Begrunnelse: Legge til stikkord.

  • #2
    Den går rett på ønskelisten.
    Odd objects attract fire. You are odd.

    Kommentér


    • #3
      Hugs å bestille frå Haugen bok gjennom Milforum.

      Kommentér

      Fremhevede emner

      Collapse
       

      Sjøforsvarets organisering

      Har kopiert inn noen innlegg fra tematråden om Sjøforsvaret inn her.
       

      Sikkerhetsloven


      (Illustrasjonsfoto: Denne posten er ikke gradert.)


      Vi fikk ny sikkerhetslov 1.januar 2019: https://www.nsm.stat.no/publikasjone....-januar-2019/


      Det ble utgitt en serie veileder utover høsten i fjor: https://www.nsm.stat.no/publikasjone.../veiledninger/...
       

      UD 2-1 Forsvarets sikkerhetsbestemmelser for landmilitær virksomhet

      UD 2-1 Forsvarets sikkerhetsbestemmelser for landmilitær virksomhet har kommet ut med en ny utgave:

      https://forsvaret.no/fakta_/ForsvaretDocuments/UD%202-1%20(norsk).pdf

      ...
       

      Fokus: Etterretningstjenesten


      Etterretningstjenesten


      Etterretningstjenesten er ​Norges militære og sivile utenlandsetterretningstjeneste. ​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​ ​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​HVE M ER ETTERRETNINGSTJENESTEN, OG HVA GJØR VI?

      Selv om tjenesten er en integrert del av Forsvarets organisasjon og virksomhet, løser tjenesten oppdrag for hele myndighetsapparatet og arbeider...
       

      Fokus: Ubåttjenesten

      Oppretter egen tråd for Ubåttjenesten.

      Generelle ubåtnyheter postes her: https://milforum.net/forum/fagforum-...%A5t-tr%C3%A5d

      Nyheter om våre fremtidige ubåter postes her: https://milforum.net/forum/fagforum-...er-212-klassen
       

      100 ÅR ETTER

      100 år etter Forrige århundre er fullt av dramatiske begivenheter som har formet verden helt opp til vår tid. Mange grenser i Europa er direkte resultat av de to verdenskrigene, og også i resten av verden hører vi fortsatt gjenklangen fra den svunne kolonitiden, med land som ble skapt av vinnerne fra den første krigen, og som ble selvstendig i tiden etter den andre. Denne tråden dekker gapet mel...
       

      Fokus: Kystvakten

      Kystvakten - En tråd for å samle informasjon og nyheter om Norges Kystvakt.



      Fra Forsvaret.no




      Historien: (fra Marinemuseet) Før 1905 var oppsynstoktene noe sporadisk, men den industrielle utvikling forårsaket at ekspedisjonene og toktene kom inn under mer faste former. Engelske trålere gjorde seg bemerket i de Nord Norske fa...
       

      Et nytt forsvarskonsept?

      I to artikler Sverre Diesen har hatt i Norsk Militært Tidsskrift avslutter den tidligere forsvarssjefen med å etterlyse et nytt, helhetlig forsvarskonsept for landet. Et komplett, detaljert konsept vil helt sikkert være gradert, men det forhindrer oss ikke i å føre en overordnet diskusjon her. I og med at jeg regner med at Diesen har tilgang til relevant gradert materiale, og han altså etterlyser...
       

      Fokus: Kystjegerkommandoen (KJK)

      Oppretter en egen tråd om avdelingen for aktuelle nyheter og diskusjoner.
       

      NSM: Årlig risikovurdering


      Ole Gunnar Onsøien
      NTB scanpix

      – Betydelig risiko for spionasje, sabotasje og terror


      Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) med ny, nedslående vurdering av IKT-trusselbildet i Norge.

      – Både store og små virksomheter i offentlig og privat sektor er utsatt. Den grunnleggende sikkerheten er ikke på plass, sier direktør Kjetil Nilsen i Nasjonal sikkerhetsmyndighet...
       

      Fokus - Etterretningstjenestens årlige vurdering



      Etterretningstjenestens rapport kan lastes ned fra lenken til høyre på siden:
      http://forsvaret.no/aktuelt/publisert/n ... pport.aspx

      Rapporten dekker hovedpunktene:
      Kode:
          Globale utviklingstrekk
          Nordområdene / Arktis
          Russland
          Afghanistan
          Pakistan
          Kina
          Midtøsten og Nord-Afrika
          Iran
          Sudan
          Somalia
          Terrorisme
          Spredning av
      ...
       

      Fokus: KNM Maud logistikkfartøy

      Regjeringen vil styrke Sjøforsvaret

      Regjeringen vil anskaffe et nytt logistikk- og støttefartøy til Sjøforsvaret. Fartøyet forventes å være tilgjengelig for Sjøforsvaret fra 2014. Kostnadsrammen for totalprosjektet er 1 550 mill. kroner. Regjeringen har i dag lagt frem St.prp. nr. 70 (2008-2009) – ”Om investeringar i Forsvaret” der dette prosjektet inngår.

      http://www.mil.no/start/aktuelt/pressem...
       

      Fokus: Skjold-klassen kystkorvetter

      Skjold-klassen: Lengde: 47.5 m bredde:13.5 største høyde: 15 m Deplasement: 273 tonn rekkevidde: 800 nm ved 40-45 knop. Hva er rekkevidden ved lavere hastighet? Jeg ville tro den kan være en smule lengre? Dette er kanskje klassifisert info siden jeg ikke har funnet det noensteder? Hvis jeg har regnet riktig så blir "payload fraction" såvidt under 15% -- er det noen som vet hva den var for Hau...
       

      Naval Strike Missile (NSM)

      Jeg ble litt overrasket over ikke å finne en tråd dedikert til NSM/JSM på milforum!

      Etter min mening det mest spennende og banebrytende som skjer innen norsk forsvars-industri idag -- det er vel verdt en egen tråd?

      Noen "basic facts" (som nok er kjent for de fleste her...):

      http://www.kongsberg.com/eng/kda/pro...G/KDA/Products...

      Donasjoner

      Collapse
      Working...
      X