Kunngjøring

Collapse
No announcement yet.

Fokus: Filippinene

Collapse
X
 
  • Filter
  • Tid
  • Show
Clear All
new posts

  • Fokus: Filippinene

    Click image for larger version

Name:	southeast.jpg
Views:	2
Size:	788,8 KB
ID:	873098

    Som gift med ei frå Filippinene er eg meir enn normalt interessert i landet og brukar ein god del av feriane mine der. Landet har ei spennande fortid, og kanskje ei enda meir spennande framtid. Tenkte kanskje det var nokon her på forumet som kunne ha litt interesse av å få vite litt meir om dette landet som ligg rett nord for ekvator, består av 7107 øyar. Landet grensar mot Stillehavet i aust, Malaysia og Indonesia i vest, Taiwan og Kina i nord. Landet har fleire opprørsgrupper, både religiøse og politiske. Det er vel få land som kan ha opprørsgrupper med namn som MILF og BIFF.

    På 1400 var store delar av landet muslimsk, blant anna var det eit muslimsk kongedøme der Manila ligg no. I 1521 fekk landet besøk frå Europa, Ferdinan Magellan som var på veg rundt jorda. Ein lære i historie timane at det var han som først segla rundt jorda, det stemme ikkje, han kom ikkje lenger enn til Filippinene. Der møtte han ein mann med namn Lapu Lapu, som var hans banemann. Men dette besøket gjorde til at Filippinene etter kvart kom under spansk kontroll. I 1565 hadde Spania kontroll over Filippinene, det vil sei når det gjeld øya Mindanao hadde dei kun kontroll i nokre festningar langs kysten. Spanjolane fekk aldri full kontroll over øygruppa. Spanjolane kalla den muslimske delen av filippinere for Moro folket.

    Det var fleire opprør i øygruppa, alle slått ned av spanjolane. I 1896, var det eit nytt opprør som tilslutt enda med at opprørsleiarane måtte rømme til Hong Kong. Der fekk dei kontakt med den amerikanske generalen Dewey som var på veg til Manila på grunn av at det bygde seg opp til krig mellom USA og Spania. Dette møte endte med ein allianse mellom den filippinske opprørsgruppa og den amerikanske marinen. Og i 1898 tok USA med hjelp av filippinere Manila. Dei filippinske opprørarane planla å danne eit eige land og i 1899 vart den Filippinske republikken danna, men på den andre sida av jorda i Paris hadde USA og Spania forhalda seg fram til at USA skulle få Filippinene for 20 millionar dollar.

    Dette kunne jo ikkje gå bra, så kort tid etter at filippinarane hadde erklært seg uavhengige braut det ut krig mellom USA og Filippinene, ein krig som var det var gjort mange krigsforbrytelsar spesielt på amerikansk side. For våpeninteresseerte kan det vere greit å få vite at Kragen var eit våpen amerikanarane brukte mykje i den krigen. USA inngjekk ein avtale med muslimane på Mindanao om at dei skulle få vere i fred viss dei ikkje blanda seg inn i krigen. I 1901 vart den filippinske presidenten tatt til fange og krigen dabba litt av, men først i 1903 hadde USA kontroll over det som er nord for Mindanao. No starta ein enda verre krig, den for å få kontroll over Mindanao.

    Men først litt anna. Krigen og erobringa av Filippinene var lite likt i USA, enda mange politikarar likte dette å få eit fortfeste i Asia. Blant folk flest i USA var det ei meining at det var i mot USA sitt grunnprinsipp å ha ein koloni, og blant pengeeliten var ein redd for at USA skulle flomme over av billige produkt frå Filippinene. Dette medførte at Før Filippinene var ferdig erobra begynte ein å arbeide for at Filippinene skulle bli eit fritt land. Noko som pågjekk gradvis og tidsplanen var at i 1944 skulle landet vere fritt, ein tidsplan som rauk på grunn av andre hendingar i verdenshistoria. Ei av dei amerikanske argumenta for kolonisering av Filippinene var at ein måtte utdanne filippinarane før dei kunne styre sjølv, litt artig argument sidan det eldste filippinske universitetet er mykje eldre enn det eldste amerikanske. Når spanjolane grunnla Los Angeles var det ein filippinsk sjømann blant dei. Alt i 1763 var det ein permanent filippinsk busetnad i Louisiana.

    Tilbake til krigen på Mindanao, den starta for fult i 1903. På amerikansk side var og filippinske soldatar, for Moro folket var mildt sagt upopulære i resten av Filippinene. I følgje historia skal amerikanske soldatar minst med eit tilfelle ha dyppa kulene sine i svinefett før dei brukte dei mot muslimane. Denne krigen varte heilt fram til 1913, då det vart inngått ein fredsavtale mellom USA og Sultan av Sulu. Merk den filippinske regjeringa som då var danna var ikkje ein del av denne fredavtalen. Enda noko for våpeninteresseerte, Colt 1911 skal ha blitt produsert på grunn av vanskelegheita med å stoppe Moro krigarane, ein hadde bruk for noko som verkeleg kunne stoppe ein mann. Fram til 7 desember 1941 var no Filippinene ein fredeleg flekk på jorda. General Douglas MacArthur som kom til Filippinene før andre verdenskrig.


    Når jødane i Europa var på desperat jakt etter ein plass å rømme til på grunn av det som skjedde i Tyskland. Då opna Filippinene sine grenser for å ta i mot jødiske flyktningar. Alt på denne tida kunne ein sjå at på Filippinene var det pengar som bestemte det meste i politikken. Dei rike plantasje eigarane var dei som hadde makta i landet.

    7 desember var det ikkje berre Pearl Harbor på Hawaii som vart angrepe av Japan, store delar av Søraust Asia var og under angrep og Filippinene vart og erobra av Japan. Enda ein gang vart Filippinene herja av ein brutal erobrar. Det var og ein del filippinarar som samarbeide med okkupasjonsmakta, mange meinte at Asia skulle vere for asiatar. Men det var og mange som sloss mot dei japanske okkupantane, men det var og kampar mellom dei forskjellige opprørsgruppene. Siste japanaren som overgav seg gjorde det på 70 talet, han hadde ikkje fått beskjeden om at Japan hadde kapitulert.

    Når krigen mot Japan var slutt begynte ein igjen å forberede overgangen til at Filippinene skulle bli eit fritt land. Men det var slett ikkje alle som var einige i at det var ein fordel å bli eit fritt land. Blant dei kristen var det mange som meinte at det kunne vere ein fordel å vere ein del av USA. Og blant muslimane på Mindanao var det stor motstand mot å bli ein del av eit fritt Filippinene. Der meinte dei at fredsavtalen mellom USA og muslimane sa at USA ikkje kunne gi dei vidare til eit anna land (les Filippinene). Men i 1946 vart Filippinene eit fritt land, i alle fall i namnet. I følgje avtalen hadde USA rett til fleire store basar på Filippinene, og Subic Bay var ein stor amerikansk marine base. I 1946 vart Filippinene regna som det asiatiske landet med størst sjanse til å lykkast. Noko som vanstyre dessverre øydela.

    I 1965 vart ein Ferdinan Marcos valt til filippinsk president. Etter nokre år med makta innførte Marcos unntakstilstand, han satt md makta til han vart styrta i ein fredeleg revolusjon i 1986. Mange filippinere meina at det var ei god tid med disiplin og orden. Og mat på bordet, men det stemme nok ikkje dessverre. Mange opposisjonelle forsvann på den tida, og det var streng sensur. Og risen som folket fekk kjøpe var utblanda slik at den var langt i frå sunn. Marcos bygde og eit atomkraftverk på ein plass der det er stor fare for jordskjelv, det kraftverket har aldri vore i drift. Blant dei som vart drepne av Marcos var senator Ninoy Aquino, som var far til den nåverande presidenten. Dette drapet var nok begynnelsen til slutten for Marcos. Og i 1986 vart han frakta ut av landet med helikopter i lag med familien sin. Han vart nok lurt til å tru at han skulle ta opp kampen frå utlandet, men han hamna i eksil på Hawaii. Den dag i dag jaktar filippinske myndigheiter på pengane han stjal. Etter Marcos døde fekk familien hans lov til å vende tilbake til Filippinene, kona hans Imelda Marcos (det er ho med alle skoa) er i dag medlem i Kongressen, og sonen hans er medlem i Senatet og stiller som kandidat til Visepresident jobben. Under Marcos var kristen filippinere oppfordra til å reise til Mindanao for å dyrke opp øya. Noko som var sterkt mislikt av muslimane som starta eit opprør. Under Marcos var det og strata eit kommunistisk opprør. Alt dette slit Filippinene med den dag i dag.

    Når Marcos vart styrta danna Cory Aquino (kona til Ninoy) regjering. Mens ho sat med makta vart det danna ei ny grunnlov som blant anna seie at ein kun kan veljast til president ein gang for 6 år. Cory var stadig plaga med forsøk på militærkupp, det eine gjekk så langt at sonen Nonoy Aquino fekk ei kule i kroppen som er der enda. Hadde det ikkje vore for amerikanske fly ville nok det kuppet blitt vellykka. Under hennar regjeringstid gjekk avtalane om dei amerikanske basane ut, samtidig som eit vulkanutbrot øydela eine flybasen. Aquino og regjeringa hennar forhandla fram ein avtale med USA om at dei skulle få behalde Subic Bay, noko som og var USA sitt ønske, men senatet stemte i mot og alle dei amerikanske basane måtte forlatast. Samtidig begynte ei sakte nedbygging av det filippinske forsvaret.

    Etter Cory vart Fidel Ramos valt til president, han var tidlegare forsvarssjef under Marcos, men var og ein av leiarane kuppet mot han. Ramos er den einaste presidenten som ikkje har vore katolikk. Under Ramos var det forholdsvis fredeleg.

    Etter Ramos var det ein skodespelar som vart valt som president, han var for det meste på fylla og prøvde å overgå Marcos i å stjele frå folket. Etter 2 år med makta vart han styrta av sin visepresident Cloria Arroyo, som og 4 år seinare vart valt som president, truleg ved hjelp av valfusk. No var krigen mot dei muslimske gruppene og kommunistane i full gang igjen. Gloria si president tid var prega av korrupsjon og ho og vart utsett for fleire kuppforsøk.

    Ein av kuppmakarane er Løytnant Trilliane frå marinen. Når han og dei andre stod for retten for eit kuppforsøk marsjerte han og dei andre kuppmakarane ut av rettsalen og inn på eit hotell der dei starta eit nytt kuppforsøk. Filippinene r jo kjent for å vere eit land som sende mange SMS, så det kan jo passe at dei prøvde å rekruttere medhjelparar via SMS. Men det enda med at dei overgav seg. Mens Løytnanten sat i fengsel vart han valt inn som senator. Men fekk ikkje møte i senatet før han vart benåda av nåverande president Noynoy Aquino.

    Noynoy vant valet i 2010 blant anna på grunn av ei sympatibølgje når mora døde rett før valet. Han har hausta god omtale i utlandet for sin kamp mot korrupsjon og forsøk på å stifte fred med opprørane. Men det filippinske folket meina at det går for sakte og mange er skeptiske når det gjeld fredsavtalen med opprørsgruppa MILF. To av dei islamittiske opprørsgruppene seie dei er ein del av Daesh, detter er BIFF som er utbrytarar frå MILF og Abu Sayaf som har herja med kidnapping og bankran sidan 90 talet. Under Aquino har ein starta med å ruste opp både flyvåpenet og marinen. Blant anna har dei kjøpt inn nye jagarfly. Noko Filippinene ikkje har hatt sidan 2016.

    I mai 2016 er det eit nytt presidentval på Filippinene. Blant kandidatane der er han som no er Visepresident Binay, han og hans familie er skulda for massiv korrupsjon spesielt frå Makati der han og sonen har vore Mayor (Ordførar). Poe har vore langt framme på meiningsmålingar, men blir anklaga for å ikkje vere naturleg fødd filippiner. Ho er adoptert og kan ikkje bevise at hennar biologiske foreldre var filippinske. Ho har og vore amerikansk statsborgar ein periode. Eg trur ho er den kandidaten som kan bringe Filippinene vidare. Roxas er den sittande presidenten sin kandidat, men han virkar svak.
    Den som mange filippinere meina er den beste kandidaten er Duerte som i dag er Mayor i Davao. Han er kjent for ein cowboy mentalitet. Og skal ha nulltoleranse mot kriminelle. Fleire såkalla kriminelle skal ha blitt drepne utan lov og dom. Duerte skal ha uttalt at får han makta vil han innføre eit revolusjonert styre og avsette senatet og kongressen viss dei ikkje gjere som han vil, han har og uttalt at han vil gjeninnføre dødsstraff med offentleg henging. Han har og uttalt at han gjerne ville hatt no avdøde leiaren for NPA som sin visepresident. Han skal ha god kontakt med både NPA og muslimske opprørarar.

    Så det er spennande kven som blir valt i mai.

    Kjem meir, blant anna om Filippinene sitt forhold til nabolanda, og litt meir om dei forskjellige terrorgruppene.
    Last edited by Rittmester; DTG 271333A Aug 19, . Begrunnelse: Trådtittel

  • #2
    Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

    Før eg kjem inn på dei forskjellige terrorgruppene så kanskje litt om landet og folket.

    Som nemnt før så består landet av 7107 øyar, det er det offisielle talet, men tvilar på om nokon har det heilt korrekte talet. Desse øyane kan vere store som Luzon og Mindanao, eller dei kan vere så små at det er som ein liten flekk med sand. Det filippinske landområdet er litt mindre enn Norge, men det bur ca 100 millionar folk på øygruppa. Når spanjolane kom til øygruppa på 1500 talet fant dei ei øygruppe som var påverka frå Kina, India, Arabia, Polynesia osv. Denne påverknaden ser ein enda i dag den dag. Du finn filippinere som er heilt svarte i huda og du finn dei som er nesten heilt kvite i huda, og alle mulige hudfargar der i mellom. I tillegg har dei 100 forskjellige språk. Viss to filippinere møtes og begge snakkar sitt lokale språk er det stor sjanse for at dei ikkje forstår kvarandre. Dei store filippinske språka har alle ei stor innblanding av spanske og engelske låneord. Den første Filippinske republikk hadde spansk som sitt offisielle språk, ganske naturleg sidan landet hadde vore spansk koloni og spansk hadde vore i bruk som administrativt språk i ca 400 år.
    Når amerikanarane overtok så vart det engelsk som vart det gjeldande språket naturleg nok. Når ein forberedte seg på at Filippinene skulle bli eit fritt land meinte ein at landet måtte ha eit eige nasjonalt språk. Det vart då tatt i utgangspunkt det språket som vart snakka i hovudstadområdet Tagalog, eit stort språk, men ikkje det største. Så i dag er filippino og tagalog det same språket og saman med engelsk er det dei offisielle språka på Filippinene. I tillegg er spansk og arabisk semioffisielle språk. Dei fleste filippinske aviser kjem ut på engelsk, men på eteren er språket tagalog.

    Religion er og eit tema som ein må vite noko om. Som nemnt før var store delar av Filippinene muslimsk når spanjolane kom til Filippinene,men det var og buddhisme, hinduisme og naturreligionar der. Spanjolane førte sjølvsagt med seg katolisismen og i dag er vel ca 80% av folket katolikkar. Og den katolske kyrkja har veldig stor makt på Filippinene. Filippinene er vel det einaste landet i verda der skilsmisse er ulovleg, det er og abort. Den katolske kyrkja er som dei fleste veit ein rik organisasjon, men likevel tiggar dei etter pengar blant fattige som gir meir enn dei har råd til for å bli frelste. I tillegg til katolikkar finnes det dei fleste avartar av kristendom på øygruppa. Muslimane er i dag ca 5% av folket på Filippinene, dette blant anna av ei stor folkevekst blant katolikkane.

    Filippinene har blitt påverka av den latinske tradisjonen og er på mange måtar eit machosamfunn. Men merkeleg nok er og Filippinene eit likestilt samfunn. Når ein ser statistikk over likestilling i verda så ser ein som regel Norge og dei nordiske land på topp, men Filippinene ligg som regel rundt ein 5 plass. Og då med land som Storbritannia, USA og Tyskland bak seg på lista.

    Våpen er eit stort tema på Filippinene, det kryr av lovlege og ulovlege våpen. I byen Danao som ligg rett nord for Cebu City er våpenproduksjon ein kunst. Ein finn små våpenfabrikkar overalt i byen, både lovlege og ulovlege. Dei lagar omtrent alt som er at handvåpenkopiar som er fult brukande. Det vrimlar av væpna vakter over heile Filippinene, til og med i kyrkja finn ein væpna vakter. Utan for bankar er dei gjerne tungt væpna med M14. Såg inne på eit kjøpesenter eit bisart syn ein gang, først gjekk ei flott filippinsk dame kledd i ei drakt som vise at ho jobbar i bank eller liknande, ho bar på ein stresskoffert. Bak ho kom ei vakt, med revolvar i hylster, og ei hagle i hendene. Han hadde kolben på skuldra og finger på avtrekkar med våpenet peikande ned rett bak dama. Tenkte med skrekk, kva skjer viss han snublar.
    Dei seinare åra har ein skjerpa inn muligheitene for å få bæretillating på våpen, no må ein ha eit yrke som gjere til at ein er ekstra utsett for fare for å få lov til å bære våpen. Blant desse yrka er advokat, politi, politikkar, prest, lege, sjukepleiar osv.

    Kommentér


    • #3
      Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

      Syv geriljamedlemmer drept i søk etter norsk gissel.

      http://www.bt.no/nyheter/utenriks/Sy...l-3564023.html
      Odd objects attract fire. You are odd.

      Kommentér


      • #4
        Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

        Vi kan ta litt om terror på Filippinene. Kven som er værst og kva for grupper er som driv terror kan ein nok diskutere. MILF Moro islamic libration front vert ikkje rekna som ei terrorgruppe i dag av filippinske myndigheiter. Mens BIFF Bangsamoro islamic freedoms figthers og MNLF Moro national libration front og Abu Sayyaf er rekna som terroristar. Desse gruppene er muslimar og sloss først og fremst for eit eige muslimsk land på Mindanao. Dagens regjering har inngått ein avtale med MILF om eit auka sjølvstyre i ein del av Mindanao, men dette er einda ikkje godkjent av kongressen og senatet. Mykje vi nok stå på kven som blir ny president. Av desse gruppene er det nok Abu Sayyaf som er en som er mest i vinden når det gjeld terror, blant anna på grunn av at dei driv med kidnapping av både utlendingar og lokale. Denne gruppa har tidlegare erklært seg lojale til Al Quida, men har no i det siste erklært seg lojale til Daesh.

        Etter at amerikanske styrkar erobra resten av dei muslimske delane på Mindanao i 1913 var det stort sett fredleg i denne delen av landet. Dette forandra seg under Marcos sitt regime. Han verva ca 70 muslimar og gav dei kamptrening, dette for å bruke dei som terroristar i Malaysia. Den konflikta kjem eg tilbake til.Når desse muslimane oppdaga kva som var planen med dei nekta dei. Noko som medførte at dei vart drepne av Marcos regimet. Dermed starta opprøret mot filippinske myndigheiter. Den først som vart starta var MNLF, MILF er ei avskalling av MNLF, og BIFF er ei avskalling av MILF.

        Skulle tru at Filippinene hadde nok med desse muslimske terrorguppene, men nei. Det er og ei kommunistisk terrorgruppe, NPA.
        Denne har røtter tilbake til motstandskampen mot Japan under WW2, men hadde lagt ned våpena. Men under Marcos sitt vannstyre tok dei opp våpena under namnet NPA. Denne gruppa skal ikkje vere så veldig stor, men dei har folk over store delar av Filippinene. Det er vanleg at bedrifter i dei områda NPA har "kontroll" må betale skatt til både staten og NPA.

        I tillegg til desse terrorgruppene så oppfører ofte lokale myndigheiter seg som reine terroristar til tider. Filippinene er eit av dei landa det er farlegast å vere journalist i. Det blir drepne fleire kvart år. For 6-7 år sidan vart 50 drepne i ein aksjon. Og fortsatt er ikkje dei skuldige dømt.

        Kommentér


        • #5
          Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

          Som nemt i første innlegg så har det vore presidentval på Filippinene i mai. Han som vant valet er av enkelte omtalt som Filippinene sitt svar på Trump, men den største likheita er nok at begge to var outsiders.

          Duterte er Mayor i byen Davao. Denne byen er regna som den 3 største på Filippinene og er den største byen på Mindanao. Ca 20-30 min med båt sør for denne byen ligg den øya som nordmannen Kjartan Sekkingstad vart kidnappa i frå.

          Duterte som trer inn i embete som President 30 juni har både i valkampen og etter komme med mange kontroversielle uttalelsar.
          Blant anna har han uttalt at det vil flyte 100 000 kriminelle i Manila Bay viss han vinn valet. Han har og uttalt at journalistar som blir drepte har seg sjølv å takke, for dei er korrupte. Noko av det siste er at han uttaler at når ein ser kriminelle, skal ein ringe myndigheiten, politiet eller viss ein har våpen ta handa i eigne hender. Duterte vil gi dei pengar og medalje. http://www.dagbladet.no/2016/06/05/n...dent/44464211/

          Kommentér


          • #6
            Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

            Filippinene har i lenger tid vore i konflikt med Kina om noko som er store fiskeressursar og oljeressurar. Dette har et vore skreve ein del om i denne tråden http://www.milforum.net/showthread.p...analyser/page9
            Denne konflikta har vorte verre sidan 2012, då filippinske fiskarar har blitt jaga vekk frå tradisjonelle fiskeområder godt innan for filippinsk 200nm sone.
            Filippinene tok denne saka til den internasjonale havrettsdomstolen mot Kina sin vilje. Og i dag kom dommen som seie at Kina ikkje har nokon rettar i dette området. http://www.vg.no/nyheter/utenriks/ki...st/a/23737923/

            Problemet no er sjølvsagt at Kina har uttalt at dei ikkje vil respektere dommen, og at dommen er eit amerikansk forsøk på å spre propaganda i Kina sitt disfravør.

            Kommentér


            • #7
              Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

              Eksplosjon på Fillipinene.

              http://cnnphilippines.com/regional/2...avao-City.html
              Odd objects attract fire. You are odd.

              Kommentér


              • #8
                Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                Obama avlyser møte med Filippinenes president, etter å ha blitt kalt "son of a bitch" av ham.

                http://hosted.ap.org/dynamic/stories...09-05-16-23-03

                Sent fra min E5603 via Tapatalk
                Odd objects attract fire. You are odd.

                Kommentér


                • #9
                  Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                  Nå skal jeg jo ikke påstå at jeg er spesielt godt inne i de lokalpolitiske forhold i Filippinene, men det fremstår jo ikke akkurat som et sjakktrekk å erte på seg både FN og Obama(selv om han har få måneder igjen) mens man ligger i en territorialkonflikt med Kina...
                  I forhold til en løpende problematikk tilgjengeliggjøres kompetansehevingen utenom vesentligheten.

                  Kommentér


                  • #10
                    Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                    Tru det eller ei, Duterte er ein veldig populær president på Filippinene. Folket føler at han står opp for dei og ikkje berre for overklassen. Filippinere er eit sterkt religiøst folkeslag, men samtidig føle dei seg undertrykte av kyrkja. Dermed blir det positivt at Duterte sleng om seg med negativ omtale når det gjeld den katolske kyrkja. Eit liknande forhold er det når det gjeld USA. USA er for ein stor del av filippinere landet som flyt over av honning og vin. Dei har eit hat kjærleik forhold. Som nordmann blir eg skremt når ein president kan sei slike ting "narkomane er ikkje menneskelege", men filippinere hyller det. Ikkje misforstå, det er ikkje på grunn av eit hat mot narkomane, men på grunn av redsel for kva dei narkomane kan gjere. Det har spredd seg ei forståing at narkomane ofte drep i narkorus, og er veldig farlege.

                    Kommentér


                    • #11
                      Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                      Det forbauser meg ikke et øyeblikk. Populister og andre politiske klovner med et overforenklet budskap og en skremmende politisk plattform, har ofte en uforholdsmessig stor tilhengerskare. Donald Trump, Robert Mugabe, Vladimir Zjirinovskij og Jean-Marie Le Pen er bare noen eksempler.
                      There is nothing that can't be solved by the proper use of high explosives.

                      Kommentér


                      • #12
                        Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                        Deler i stor grad magskor sine betraktninger. De fleste filippinere jeg kommer over og har med å gjøre for tiden sier rett ut dem liker Duterte som president; "En handlingens mann" er en gjenganger, samt at flere av dem også sier rett ut at Filippinene som land og filippinere som folk trenger en sterk mann for å "holde dem i ørene" - ellers vil landet "gå til hundene".

                        Det er mulig Duterte både som person og president er komplett inkompatibel med resten av verden, og det er jo unektelig ikke akkurat en fordel når man skal deale med-, bygge- og pleie forhold med andre land både nært og fjernt på kloden, men sånn isolert sett så slår Duterte meg ihvertfall som en "farsskikkelse" som har sett seg dritt lei av alt som er galt med- og i sitt eget land (nark, korrupsjon, kommunist- og islamistopprør), og som nå skal bruke sin presidentperiode til å virkelig rydde opp. Man får satse på at Duterte sin sti fra tidligere i livet er svært ren og feilfri, ellers kan fallhøyden bli veldig stor for ham...

                        Som nordmann, så må jeg innrømme at jeg ikke akkurat har mye til overs for å slå ihjel den alminnelige narkomane/brukere, men å lyse langere og bakmenn fredløse har jeg strengt tatt veldig få problemer med - det kunne strengt tatt Oslo hatt godt av også IMHO.

                        Når det gjelder slike som Abu Sayyaf m.fl. (islamske) terrorister både inne og utenfor Filippinene så til helvete med dem. Gå hardt til verks og spis dem gjerne rå og levende, Duterte - ref siste sak på Dagbladet.
                        Elite Som En Trensoldat

                        Kommentér


                        • #13
                          Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                          Utfordringen er vel i all hovedsak at de som blir drept oppe i alt dette her er brukere eller mistenkte brukere; da uten noen form for rettssikkerhet eller å få prøvd sin sak for andre. Narko baronene og de som tjener de store pengene går klar for politiets fokus.

                          Så det en ender opp med er å ta livet av en haug av lut fattige narkomane.

                          Og manglene på rettssikkerhet skaper jo også en del muligheter for opportunister; du er en fattig gateselgere og kunne tenkt deg å ta over det lille gatekjøkkenet som han på nabo hjørnet har og ser ut til å tjene litt mer den deg med; vel bare å melde han inn som narko selger, han blir skutt av politiet i en bakgate da det ikke er vits å sjekke noe bevis (mulig betjente fikk en liten neve penger også for å ta han ut; er jo ikke som noen sjekker legaliteten for de drapene uansett) og anmelderen får seg en ny handelsvirksomhet og kvitt en konkurrent..




                          Sent from my iPhone using Tapatalk

                          Kommentér


                          • #14
                            Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                            "Halp, US! China is all up in our waters!"

                            "Ain't that a *son of bitch*."

                            Sent fra min E5823 via Tapatalk

                            Kommentér


                            • #15
                              Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                              Opprinnelig skrevet av MMB Vis post
                              ...
                              Når det gjelder slike som Abu Sayyaf m.fl. (islamske) terrorister både inne og utenfor Filippinene så til helvete med dem. Gå hardt til verks og spis dem gjerne rå og levende, Duterte - ref siste sak på Dagbladet.
                              Bare for å spore litt av, i forlengelsen av nettopp Abu Sayyaf. Så en liten dokumentar om opptaket til "Force Reconnaissance Battalion" på Filippinene, og den avsluttende øvelsen var skarpt angrep mot Abu Sayyaf - tror "bestått" = "confirmed kill"...

                              Kommentér


                              • #16
                                Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                Spørsmål fra sidelinjen. magskor:, men er det riktig å kalle Filippinene et land? Når det er såpass mange øyer med(over 700), er det ikke da en samlig med flere små "kongedømmer"?
                                I forhold til en løpende problematikk tilgjengeliggjøres kompetansehevingen utenom vesentligheten.

                                Kommentér


                                • #17
                                  Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                  Opprinnelig skrevet av yamaha Vis post
                                  Spørsmål fra sidelinjen. magskor:, men er det riktig å kalle Filippinene et land? Når det er såpass mange øyer med(over 700), er det ikke da en samlig med flere små "kongedømmer"?
                                  No er det enda meir enn 700 øyar, det vel 7107 som er det offisielle tallet. Ein gang i tida så var det mange kongedøme eller liknande, men det er nok rett å kalle det eit land likevel. Men det er faktisk eit kongedøme igjen på Filippinene med ein kongeleg familie. Sultan av Sulu, men han er vel mest ein slags frontfigur utan noko reel makt. No kjem ein inn på ei anna internasjonal konflikt Filippinene er i. Sultan av Sulu er og Sultan over den malaysiske provinsen Sabah som ligg heilt aust på øya Borneo. Den provinsen leigde Sultanen ut til engelske foretningsmenn som gav den vidare til England og så vidare til Malaysia. Og Malaysia betaler faktisk leige til Sultan som no har overført det til den filippinske stat. For eit par år sidan var det nokon frå den kongefamilien som reiste til Sabah for å lage bråk noko som resulterte i skotveksling mellom malysiske sikkerheitsstyrkar og denne kongefamilien sine folk.

                                  Når det gjeld Filippinene så er ein av planane til Duterte å gjere det om til ein føderal stat med mindre makt i Manila.

                                  Kommentér


                                  • #18
                                    Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                    Norsk gissel frigitt.

                                    http://www.norway.ph/news/Events/Nor.../#.V97y8x08zqA


                                    Sent fra min E5603 via Tapatalk
                                    Odd objects attract fire. You are odd.

                                    Kommentér


                                    • #19
                                      Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                      Må si den meldingen så jeg ikke komme.

                                      Sent fra min E5823 via Tapatalk

                                      Kommentér


                                      • #20
                                        Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                        Lurer på hvor mye "noen" har betalt?
                                        Those who beat their swords into plowshares will plow for those who don't.

                                        Kommentér


                                        • #21
                                          Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                          $6300000

                                          http://mobile.nytimes.com/2016/09/18...s.html?0p19G=c

                                          Norge nekter for å ha betalt.

                                          https://www.nrk.no/nyheter/nordmann-...ene-1.12565793

                                          Sikkert noen mellomledd ja.

                                          Sent fra min E5603 via Tapatalk
                                          Odd objects attract fire. You are odd.

                                          Kommentér


                                          • #22
                                            Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                            Opprinnelig skrevet av Rittmester Vis post
                                            Lurer på hvor mye "noen" har betalt?

                                            Det går rykter om at det skal vere betalt 100 millionar pesos for Sekkingstad og 3 indonesarar. Om det stemme og kven som skal ha betalt er ikkje got å vete. Er glad for at Sekkingstad er sett fri, men håpar at et ikkje er lausepengar innvolvert.

                                            I løpet av dette året har eg lese om fleire nordmenn som har vore kritiske til ambassaden og norske myndigheiter, ein har meint at dei har gjort for lite. Men no er det begynt å komme fram at både UD og ambassaden har vore veldig aktive. Blant anna skal dei ha dreve eiga etterretning i området.

                                            Kommentér


                                            • #23
                                              Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                              Noe annet ville overrasket meg.

                                              Men, all verdens terrorister driver også etterretning, og straks det kommer frem at Norge betaler løsepenger, blir det kidnappings-bonanza på nordmenn.
                                              Those who beat their swords into plowshares will plow for those who don't.

                                              Kommentér


                                              • #24
                                                Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                                Opprinnelig skrevet av Rittmester Vis post
                                                Noe annet ville overrasket meg.

                                                Men, all verdens terrorister driver også etterretning, og straks det kommer frem at Norge betaler løsepenger, blir det kidnappings-bonanza på nordmenn.
                                                Nettopp det eg og er redd for. Veit og om mange andre nordmenn som er redd for at det skal bli populært å kidnappe nordmenn.

                                                Kommentér


                                                • #25
                                                  Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                                  Og antagelsene var riktige.

                                                  Det bekreftes i dag at det ble betalt løsepenger, selv om summen fortsatt er uavklart.
                                                  Politiet sier det ble betalt ca 5,2 mill NOK, mens en talsmann for geriljaen sier beløpet var 10 mill NOK
                                                  http://www.dagbladet.no/nyheter/bekr...gstad/63210278
                                                  [I]"The shitter was full" - Eddie[/I]

                                                  Kommentér


                                                  • #26
                                                    Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                                    Sekkingstad har altså velstående svigerfamilie på Filippinene som betalte løsepengen for ham - det kan jo tenkes at det var (en medvirkende) årsak til at han ble kidnappet i utgangspunktet? Vi får håpe det ikke skaper et inntrykk av at alle nordmenn er like "fete" mål.

                                                    Uansett fantastisk bra at han er på vei hjem, tilsynelatende like hel.
                                                    "En undervannsbåt er ikke en sykkel -"
                                                    - Dmitrij Boltenkov

                                                    Kommentér


                                                    • #27
                                                      Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                                      Slik eg har forstått det var Sekkingstad eit tilfeldig offer. Han skal ha komme til når canadiarane vart tatt, men det kan vere at det at han hadde rike svigerforeldre var det som redda livet hans.

                                                      Sent fra min SM-T550 via Tapatalk

                                                      Kommentér


                                                      • #28
                                                        Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                                        Skikkelig storkar han Duterte.

                                                        Reuters referer fra en taleDuterte holdt i hjembyen Davao etter et besøk til Vietnam. Der skal presidenten ha fortalt jounalister at enkelte kritikere har sammenliknet ham med Hitler.

                                                        Han påpekte at Hitler drepte millioner av jøder under andre verdenskrig og sa:

                                                        - Det er tre millioner rusavhengige i Filippinene. Jeg dreper dem gladelig.

                                                        - Hvis Tyskland hadde Hitler, vil Filippinene ha ... sa han og pekte på seg selv.
                                                        http://www.dagbladet.no/nyheter/samm...delig/63817408



                                                        Sent fra min E5603 via Tapatalk
                                                        Odd objects attract fire. You are odd.

                                                        Kommentér


                                                        • #29
                                                          Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                                          Han har tidelegare samanlikna seg med Idi Amin. Han har og snakka om å forlate alliansen med USA og heller søke mot Kina og Russland, noko eg trur det filippinske folket vil misslike sterkt.

                                                          Kommentér


                                                          • #30
                                                            Sv: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.

                                                            Philippines president Rodrigo Duterte orders US forces out of country, cutting 65 years of military ties.

                                                            ‘Do not treat us like a doormat because you’ll be sorry for it. I will not speak with you. I can always go to China’

                                                            http://www.independent.co.uk/news/wo...=facebook-post

                                                            Sent fra min E5603 via Tapatalk
                                                            Odd objects attract fire. You are odd.

                                                            Kommentér

                                                            Annonse i emne

                                                            Collapse

                                                            Donasjoner

                                                            Collapse
                                                            Working...
                                                            X