Globalt toppbanner

Collapse

Kunngjøring

Collapse
No announcement yet.

Treng hjelp til å komme inn i forsvaret

Collapse
X
 
  • Filter
  • Tid
  • Show
Clear All
new posts

  • speccy97
    replied
    Søkte jo blandt anna fallskjermjeger tilbake i 2017, kom inn på opptak men trudde rullebladet ville forhindra meg. Så hadde ikkje lagt meg sjølv i hardtrening i forkant av opptaket så takka nei den gang desverre. Er vell det som er drømmen men...

    Leave a comment:


  • speccy97
    replied
    Takker for svar.
    Har inga historikk fra psykolog tidlegare. Men måtte bruke ein privatpsykolog med penger frå eiga lomme for å få attest på at eg er psykisk frisk tidlegare i år. Har inga problem med noko psykiske problem i dag. Og dommen er over 4 år sidan.
    Grunnen til at eg er så ivrig er vell meir at eg kunne tenkt meg ein jobb innan forsvaret. Og vil så gjerne fullføre førstegangtjenesten først.
    Forstår at dette er strengt osv..

    Leave a comment:


  • Signal_m
    replied
    Er tid i grønt endelig mål, kan du kanskje få til lotteveien inn i HV? For vanlig førstegangstjeneste er jeg redd navara treffer spikeren på hodet. Forsvaret er lite, og må nødvendigvis sette egne behov foran dine ønsker.

    Leave a comment:


  • navara
    replied
    Saken er nok at selv om det er mulig å komme inn igjen vil det kanskje ikke skje fordi de andre som kjemper om plassen også har 999999999, og _ikke_ historikk med psykologiske problemer. Og såpass lite som forsvaret er nå tar man da antagelig ikke sjansen på å utdanne personell som er disponert for dette. Løsningen her nok antagelig å bare henge på FPVS, klage på avslag osv.

    Videre er det jo sånn at det som står på rullebladet står der, og ønsker man å gjøre ting som krever rent rulleblad så må man gjøre det som kreves for å holde rullebladet rent i forkant.

    Dette var sikkert en dårlig trøst, men....

    Leave a comment:


  • speccy97
    started a topic Treng hjelp til å komme inn i forsvaret

    Treng hjelp til å komme inn i forsvaret

    Hei!
    Eg søker litt råd og tips angåande forsvaret. I 2018 vart eg kalla inn til luftforsvaret, men det var ikkje området eg ønskte. Deretter forsøkte eg byte til hæren, noko som ikkje var mogleg på det tidspunktet. På innrykk vart eg dimittert av millitærlegen pga ein periode med sosial angst i etterkant av ein voldsdom eg fikk i fylla. (Voldsdommen vart opplyst om på sesjon, men vart likevel kalla inn til teneste.)
    Helseprofilen min frå sesjon var 9999999999. Etter samtale med millitærlege på innrykk vart den 9999999991. Fikk beskjed av både millitærlege og befal at dersom eg ved seinare anledning skulle ønske å komme inn igjen, var dette mogleg. Dette er noko eg i seinare år har ønska sterkt.
    Eg byrja arbeidet med å komme inn att i januar i år, men fikk avslag på bakgrunn av at eg berre hadde helseattest frå fastlege, noko som ikkje var godt nok. Fikk då attest frå psykolog om at eg var tjenestedyktig i mars, noko eg sendte vidare til forsvaret. Fikk tilbakemelding etter mange purringar no i september, fikk då igjen eit avslag. Begrunnelsen til avslaget var at eksponeringar for nye belastningar, kunne føre til tilbakeslag av sosial angst noko som då skulle ha vore uheldig for meg som no verkar å vere velfungerande i ein sivil ordna tilværelse. Sidan 2018 seier det seg sjølv, at eg har blitt eldre og no har det heilt annleis i ein positiv retning enn tidlegare. Syns det er dumt at ein enkelthendelse for nokre år sidan, skal kunne ødelegge for forsvaret den dag idag.
    Eg syns dette er vanskeleg, då eg har fått dokumentasjon på at eg er tjenstedyktig. Har nokon vore oppe i same situasjon, eventuelt har tips om kva meir som eventuelt er mogleg å gjere? Har ikkje gitt opp endå, søkjer derfor tips her. Håpar at nokon har tilbakemeldingar, eg tek imot alt. Takk på forhånd. Ønskjer å halde tråden seriøs.

Donasjoner

Collapse
Working...
X