Globalt toppbanner

Collapse

Kunngjøring

Collapse
No announcement yet.

TEF

Collapse
X
 
  • Filter
  • Tid
  • Show
Clear All
new posts

  • Skrufeluren
    replied
    Takk for svar! Tjenestegjør i HMKG som vaktgardist og Sambandsoldat.

    Har mye kurs og fagbrev innen blikkenslager og ventilasjon

    Leave a comment:


  • Grasklyppertraktor
    replied
    Luftforsvaret har og også Ingeniøravdelingar, men slik eg forstår det har miljøet der blitt noko redusert, og at det mest består av befal og enkelte grenaderar pluss vernepliktige. Dei hadde visst før ein M&K funksjon, men skal ha redusert denne ambisjonen og har visstnok meir fokus på Airfield Damage Repair. Kan nokon med kjennskap til dette avkrefte/bekrefte?

    https://forsvaret.no/karriere/forste...-luftforsvaret

    Leave a comment:


  • Grasklyppertraktor
    replied
    Hei, god jul og velkommen til forumet!

    TEF (Theatre Enabling Force) er eit omgrep som blir nytta for å beskrive arbeidet gjort av ein militær styrke for å tilretteleggje for operasjonar i nye krigsteater, altså etablere leirar for Noreg i utlandet. Vidare har ein og omgrepet TTF (Theatre Termination Force) som handlar om å rigge ned, rive og tilbakeføre området som er brukt ved avslutting av ein operasjon.

    Det synlegaste arbeidet ifm TEF er nok sjølve byggearbeidet. Dette blir gjort av personell frå Ingeniørkompani 5 (Ingkp5), tidlegare kalla Maskin og Konstruksjonskompaniet (M&K), i Ingeniørbataljonen. I tillegg vil gjerne Cyberforsvaret ver involvert i TEF/TTF med sin CIS TG (Cyber Information Systems Task Group) som etablerer samband og datasystemer, samt ein del logistikkelement som får transportert naudsynt materiell og maskinar til operasjonsområdet.

    Ingkp5 held til på Rena Leir, og er eit fullverva kompani med heiltidsansatte og personell på beredskapskontrakt. I kompaniet fins det bygningsingeniørar, rørleggarar, tømrarar, elektrikarar og anleggsmaskinførarar m.m. Desse finn ein hovudsakeleg fordelt på handverkstroppen og maskintroppen. Med ei brei oppdragsportefølje og stor materiellpark kan på mange måtar sjå på kompaniet som ein totalentrepenør.

    Kvardagen i Ingkp5 er variert. Som alle andre i Hæren er ein soldat i bunn også i KP5, så eit år byr på generelle soldat- og ingeniørferdighetar, og ein øvar stridsteknikk, taktisk kolonnekøyring og skyting med personleg- og lagsvåpen og sprengningsteneste.

    Brorparten av tida går riktignok til "M&K-biten". Kompaniet har mykje materiell, og for at kvar ansatt skal ver "gripbar" og fleksibel blir det brukt mykje tid på å kryssutdanne og kurse opp personell på køyretøysparken. Ein bekjent av meg jobbar i håndverkartroppen, og sjølv om han "berre" er tømrar, har han dei siste åra fått førerkort kl CE, diverse maskinkurs og krankurs (herunder mobilkran) og meir. Ellers går tida til å byggje ting, det vere seg mindre bygningsoppdrag innad i Noreg, eller rutinemessig vedlikehald og nybygg/rivning av leirar i utlandet. Dei to troppane jobbar tett saman, og ein er gjerne med på alle aspekter av eit bygningsprosjekt.

    Alt i alt ei variert teneste, og om du blir grenader i KP5 er det berre å belage seg på INTOPS i løpet av det fyrste året ditt. Det som kjennetegnar M&K er ofte hyppige men kortare utanlandsrotasjonar (avhengig av oppdrag sjølvsagt), kontra sjeldnare men lengre rotasjonar som personell som reiser ut med ein Task Unit har.

    Dersom du ikkje ønskjer å jobbe fulltid, fins det også eit tilbud der du tegnar ein beredskapskontrakt med Ingkp5. Då jobbar du sivilt, men har PBU og våpen lagra på Rena. Du blir kalla inn til årleg øving av nokre vekers varigheit, der du på same vis som på ei Heimevernsøving vil drive med skyting og stridsteknikk, men også kursing og utsjekk på diverse maskinar og materiell, og eventuelle prosjekt. Ut over dette vil du og bli kalla inn for teneste i INTOPS.

    Om du ønskjer å jobbe som grenader i Ingkp5 må du søke grenaderopptak til Hærens Hurtige Reaksjonsstyrke (HRS), og søke om stilling i kp5. Om du heller ønskjer å stå på beredskapskontrakt er prosessen litt meir uklar. Då ein kamerat av meg blei sett opp på beredskapskontrakt, sendte han inn ein søknad og blei med på den årlege øvinga. Undervegs blei han vurdert skikka, og då øvinga var over (ca 3 veker) signerte han kontrakt. For dette rådar eg deg om å snakke med troppsjefen din eller S1-seksjonen, slik at dei tek forbinding med ingeniørkompani 5 og spør om søknadsprosessen.

    Kan eg spør kvar du tenestegjer no? Om du har fleire spørsmål så må du berre komme med dei

    Leave a comment:


  • Skrufeluren
    started a topic TEF

    TEF

    Noen som vet hvordan TEF rekrutterer folk, evt hvordan man havner i TEF?

    Har lurt litt på dette da trsjt mener det er noe for meg. Da jeg har Svennebrev som Blikkenslager/taktekker/ventilasjonsmontør. Og er praktisk anlagd

Donasjoner

Collapse
Working...
X