• Velkommen til seksjon for artikler fra Milforum


    Her finner du innlegg som har blitt promotert til en artikkel. Dette fordi innholdet er av en slik kvalitet eller interesse at vi velger å løfte det ut av eksisterende debattråd. Kommenter gjerne innlegget og delta i debattene. Du finner link til originalinnlegget under respektive artikkel.
  • Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar.



    Som gift med ei frå Filippinene er eg meir enn normalt interessert i landet og brukar ein god del av feriane mine der. Landet har ei spennande fortid, og kanskje ei enda meir spennande framtid. Tenkte kanskje det var nokon her på forumet som kunne ha litt interesse av å få vite litt meir om dette landet som ligg rett nord for ekvator, består av 7107 øyar. Landet grensar mot Stillehavet i aust, Malaysia og Indonesia i vest, Taiwan og Kina i nord. Landet har fleire opprørsgrupper, både religiøse og politiske. Det er vel få land som kan ha opprørsgrupper med namn som MILF og BIFF.

    På 1400 var store delar av landet muslimsk, blant anna var det eit muslimsk kongedøme der Manila ligg no. I 1521 fekk landet besøk frå Europa, Ferdinan Magellan som var på veg rundt jorda. Ein lære i historie timane at det var han som først segla rundt jorda, det stemme ikkje, han kom ikkje lenger enn til Filippinene. Der møtte han ein mann med namn Lapu Lapu, som var hans banemann. Men dette besøket gjorde til at Filippinene etter kvart kom under spansk kontroll. I 1565 hadde Spania kontroll over Filippinene, det vil sei når det gjeld øya Mindanao hadde dei kun kontroll i nokre festningar langs kysten. Spanjolane fekk aldri full kontroll over øygruppa. Spanjolane kalla den muslimske delen av filippinere for Moro folket.

    Det var fleire opprør i øygruppa, alle slått ned av spanjolane. I 1896, var det eit nytt opprør som tilslutt enda med at opprørsleiarane måtte rømme til Hong Kong. Der fekk dei kontakt med den amerikanske generalen Dewey som var på veg til Manila på grunn av at det bygde seg opp til krig mellom USA og Spania. Dette møte endte med ein allianse mellom den filippinske opprørsgruppa og den amerikanske marinen. Og i 1898 tok USA med hjelp av filippinere Manila. Dei filippinske opprørarane planla å danne eit eige land og i 1899 vart den Filippinske republikken danna, men på den andre sida av jorda i Paris hadde USA og Spania forhalda seg fram til at USA skulle få Filippinene for 20 millionar dollar.

    Dette kunne jo ikkje gå bra, så kort tid etter at filippinarane hadde erklært seg uavhengige braut det ut krig mellom USA og Filippinene, ein krig som var det var gjort mange krigsforbrytelsar spesielt på amerikansk side. For våpeninteresseerte kan det vere greit å få vite at Kragen var eit våpen amerikanarane brukte mykje i den krigen. USA inngjekk ein avtale med muslimane på Mindanao om at dei skulle få vere i fred viss dei ikkje blanda seg inn i krigen. I 1901 vart den filippinske presidenten tatt til fange og krigen dabba litt av, men først i 1903 hadde USA kontroll over det som er nord for Mindanao. No starta ein enda verre krig, den for å få kontroll over Mindanao.

    Men først litt anna. Krigen og erobringa av Filippinene var lite likt i USA, enda mange politikarar likte dette å få eit fortfeste i Asia. Blant folk flest i USA var det ei meining at det var i mot USA sitt grunnprinsipp å ha ein koloni, og blant pengeeliten var ein redd for at USA skulle flomme over av billige produkt frå Filippinene. Dette medførte at Før Filippinene var ferdig erobra begynte ein å arbeide for at Filippinene skulle bli eit fritt land. Noko som pågjekk gradvis og tidsplanen var at i 1944 skulle landet vere fritt, ein tidsplan som rauk på grunn av andre hendingar i verdenshistoria. Ei av dei amerikanske argumenta for kolonisering av Filippinene var at ein måtte utdanne filippinarane før dei kunne styre sjølv, litt artig argument sidan det eldste filippinske universitetet er mykje eldre enn det eldste amerikanske. Når spanjolane grunnla Los Angeles var det ein filippinsk sjømann blant dei. Alt i 1763 var det ein permanent filippinsk busetnad i Louisiana.

    Tilbake til krigen på Mindanao, den starta for fult i 1903. På amerikansk side var og filippinske soldatar, for Moro folket var mildt sagt upopulære i resten av Filippinene. I følgje historia skal amerikanske soldatar minst med eit tilfelle ha dyppa kulene sine i svinefett før dei brukte dei mot muslimane. Denne krigen varte heilt fram til 1913, då det vart inngått ein fredsavtale mellom USA og Sultan av Sulu. Merk den filippinske regjeringa som då var danna var ikkje ein del av denne fredavtalen. Enda noko for våpeninteresseerte, Colt 1911 skal ha blitt produsert på grunn av vanskelegheita med å stoppe Moro krigarane, ein hadde bruk for noko som verkeleg kunne stoppe ein mann. Fram til 7 desember 1941 var no Filippinene ein fredeleg flekk på jorda. General Douglas MacArthur som kom til Filippinene før andre verdenskrig.


    Når jødane i Europa var på desperat jakt etter ein plass å rømme til på grunn av det som skjedde i Tyskland. Då opna Filippinene sine grenser for å ta i mot jødiske flyktningar. Alt på denne tida kunne ein sjå at på Filippinene var det pengar som bestemte det meste i politikken. Dei rike plantasje eigarane var dei som hadde makta i landet.

    7 desember var det ikkje berre Pearl Harbor på Hawaii som vart angrepe av Japan, store delar av Søraust Asia var og under angrep og Filippinene vart og erobra av Japan. Enda ein gang vart Filippinene herja av ein brutal erobrar. Det var og ein del filippinarar som samarbeide med okkupasjonsmakta, mange meinte at Asia skulle vere for asiatar. Men det var og mange som sloss mot dei japanske okkupantane, men det var og kampar mellom dei forskjellige opprørsgruppene. Siste japanaren som overgav seg gjorde det på 70 talet, han hadde ikkje fått beskjeden om at Japan hadde kapitulert.

    Når krigen mot Japan var slutt begynte ein igjen å forberede overgangen til at Filippinene skulle bli eit fritt land. Men det var slett ikkje alle som var einige i at det var ein fordel å bli eit fritt land. Blant dei kristen var det mange som meinte at det kunne vere ein fordel å vere ein del av USA. Og blant muslimane på Mindanao var det stor motstand mot å bli ein del av eit fritt Filippinene. Der meinte dei at fredsavtalen mellom USA og muslimane sa at USA ikkje kunne gi dei vidare til eit anna land (les Filippinene). Men i 1946 vart Filippinene eit fritt land, i alle fall i namnet. I følgje avtalen hadde USA rett til fleire store basar på Filippinene, og Subic Bay var ein stor amerikansk marine base. I 1946 vart Filippinene regna som det asiatiske landet med størst sjanse til å lykkast. Noko som vanstyre dessverre øydela.

    I 1965 vart ein Ferdinan Marcos valt til filippinsk president. Etter nokre år med makta innførte Marcos unntakstilstand, han satt md makta til han vart styrta i ein fredeleg revolusjon i 1986. Mange filippinere meina at det var ei god tid med disiplin og orden. Og mat på bordet, men det stemme nok ikkje dessverre. Mange opposisjonelle forsvann på den tida, og det var streng sensur. Og risen som folket fekk kjøpe var utblanda slik at den var langt i frå sunn. Marcos bygde og eit atomkraftverk på ein plass der det er stor fare for jordskjelv, det kraftverket har aldri vore i drift. Blant dei som vart drepne av Marcos var senator Ninoy Aquino, som var far til den nåverande presidenten. Dette drapet var nok begynnelsen til slutten for Marcos. Og i 1986 vart han frakta ut av landet med helikopter i lag med familien sin. Han vart nok lurt til å tru at han skulle ta opp kampen frå utlandet, men han hamna i eksil på Hawaii. Den dag i dag jaktar filippinske myndigheiter på pengane han stjal. Etter Marcos døde fekk familien hans lov til å vende tilbake til Filippinene, kona hans Imelda Marcos (det er ho med alle skoa) er i dag medlem i Kongressen, og sonen hans er medlem i Senatet og stiller som kandidat til Visepresident jobben. Under Marcos var kristen filippinere oppfordra til å reise til Mindanao for å dyrke opp øya. Noko som var sterkt mislikt av muslimane som starta eit opprør. Under Marcos var det og strata eit kommunistisk opprør. Alt dette slit Filippinene med den dag i dag.

    Når Marcos vart styrta danna Cory Aquino (kona til Ninoy) regjering. Mens ho sat med makta vart det danna ei ny grunnlov som blant anna seie at ein kun kan veljast til president ein gang for 6 år. Cory var stadig plaga med forsøk på militærkupp, det eine gjekk så langt at sonen Nonoy Aquino fekk ei kule i kroppen som er der enda. Hadde det ikkje vore for amerikanske fly ville nok det kuppet blitt vellykka. Under hennar regjeringstid gjekk avtalane om dei amerikanske basane ut, samtidig som eit vulkanutbrot øydela eine flybasen. Aquino og regjeringa hennar forhandla fram ein avtale med USA om at dei skulle få behalde Subic Bay, noko som og var USA sitt ønske, men senatet stemte i mot og alle dei amerikanske basane måtte forlatast. Samtidig begynte ei sakte nedbygging av det filippinske forsvaret.

    Etter Cory vart Fidel Ramos valt til president, han var tidlegare forsvarssjef under Marcos, men var og ein av leiarane kuppet mot han. Ramos er den einaste presidenten som ikkje har vore katolikk. Under Ramos var det forholdsvis fredeleg.

    Etter Ramos var det ein skodespelar som vart valt som president, han var for det meste på fylla og prøvde å overgå Marcos i å stjele frå folket. Etter 2 år med makta vart han styrta av sin visepresident Cloria Arroyo, som og 4 år seinare vart valt som president, truleg ved hjelp av valfusk. No var krigen mot dei muslimske gruppene og kommunistane i full gang igjen. Gloria si president tid var prega av korrupsjon og ho og vart utsett for fleire kuppforsøk.

    Ein av kuppmakarane er Løytnant Trilliane frå marinen. Når han og dei andre stod for retten for eit kuppforsøk marsjerte han og dei andre kuppmakarane ut av rettsalen og inn på eit hotell der dei starta eit nytt kuppforsøk. Filippinene r jo kjent for å vere eit land som sende mange SMS, så det kan jo passe at dei prøvde å rekruttere medhjelparar via SMS. Men det enda med at dei overgav seg. Mens Løytnanten sat i fengsel vart han valt inn som senator. Men fekk ikkje møte i senatet før han vart benåda av nåverande president Noynoy Aquino.

    Noynoy vant valet i 2010 blant anna på grunn av ei sympatibølgje når mora døde rett før valet. Han har hausta god omtale i utlandet for sin kamp mot korrupsjon og forsøk på å stifte fred med opprørane. Men det filippinske folket meina at det går for sakte og mange er skeptiske når det gjeld fredsavtalen med opprørsgruppa MILF. To av dei islamittiske opprørsgruppene seie dei er ein del av Daesh, detter er BIFF som er utbrytarar frå MILF og Abu Sayaf som har herja med kidnapping og bankran sidan 90 talet. Under Aquino har ein starta med å ruste opp både flyvåpenet og marinen. Blant anna har dei kjøpt inn nye jagarfly. Noko Filippinene ikkje har hatt sidan 2016.

    I mai 2016 er det eit nytt presidentval på Filippinene. Blant kandidatane der er han som no er Visepresident Binay, han og hans familie er skulda for massiv korrupsjon spesielt frå Makati der han og sonen har vore Mayor (Ordførar). Poe har vore langt framme på meiningsmålingar, men blir anklaga for å ikkje vere naturleg fødd filippiner. Ho er adoptert og kan ikkje bevise at hennar biologiske foreldre var filippinske. Ho har og vore amerikansk statsborgar ein periode. Eg trur ho er den kandidaten som kan bringe Filippinene vidare. Roxas er den sittande presidenten sin kandidat, men han virkar svak.
    Den som mange filippinere meina er den beste kandidaten er Duerte som i dag er Mayor i Davao. Han er kjent for ein cowboy mentalitet. Og skal ha nulltoleranse mot kriminelle. Fleire såkalla kriminelle skal ha blitt drepne utan lov og dom. Duerte skal ha uttalt at får han makta vil han innføre eit revolusjonert styre og avsette senatet og kongressen viss dei ikkje gjere som han vil, han har og uttalt at han vil gjeninnføre dødsstraff med offentleg henging. Han har og uttalt at han gjerne ville hatt no avdøde leiaren for NPA som sin visepresident. Han skal ha god kontakt med både NPA og muslimske opprørarar.

    Så det er spennande kven som blir valt i mai.

    Kjem meir, blant anna om Filippinene sitt forhold til nabolanda, og litt meir om dei forskjellige terrorgruppene.
    This article was originally published in forum thread: Filippinene, eit land som står framfor mange utfordringar. started by magskor View original post
    Om Milforum
    Milforum ® er det militære debattforumet hvor innholdet styres av brukerne. Siden 2004 har vi holdt deg oppdatert på det som er skjer innen Forsvaret, Heimevernet (HV), NATO, og det geopolitiske spenningsforholdet verden over.

    - litt besøksstatistikk
    Støtt Milforum
    Støttemuligheter
    Sosiale Medier